nyhende

Varmare somrar og lengre vekstsesong kan gjere det mogleg å dyrke nye artar som fersken og aprikos. Bananar stiller andre krav. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Varmare somrar og lengre vekstsesong kan gjere det mogleg å dyrke nye artar som fersken og aprikos. Bananar stiller andre krav.

Klima: Blir det bananbønder på Vestlandet no?

Varmare somrar og lengre vekstsesong kan bety norsk fersken og aprikos i framtida. Men forskarane har også funne meir ukjente klimakonsekvensar som dei norske bøndene kan ha i vente.

Publisert Sist oppdatert

Meteorologisk ordbok

Vinter: Perioden med døgn som har middeltemperatur under 0 grader.

Sommar: Perioden med døgn som har middeltemperatur over 10 grader.

Vekstsesong: Perioden med døgn som har middeltemperatur over 5 grader.

Frostdagar: Døgn med minimumstemperatur under 0 grader.

Nullgraderspasseringar: Døgn der maksimumstemperaturen er over 0 grader og minimumstemperaturen er under 0 grader.

Dei skikkeleg gode klimanyheitene er at lengre og varmare vekstsesong gir større moglegheiter når det gjeld dyrking av mat. Ikkje berre i høve til å ta i bruk nye plantesortar – fersken og aprikos er til dømes allereie prøvd ut – men også for å auke matproduksjonen vår generelt, fortel Reidun Gangstø ved Meteorologisk institutt.

I forskinga si på klimaendringar og ekstremvêr har ho funne at vintrane er blitt kortare, særleg i kystnære strok, og at det har ført til opp mot ein månad lengre vekstsesong i enkelte ytre kyststrok på Vest- og Sørvestlandet.

Daglengda avgrensar

Konsekvensen av dette er at me truleg vil kunne dyrke mat både lengre nord, lengre inn i landet og høgare til fjells. Vêrskiftet kan i tillegg opne for å dyrke meir av til dømes proteinvekstar som erter og åkerbønner, og at bøndene får gjort unna fleire slåttar av grovfôr i løpet av ein vekstsesong, seier Gangstø.

Ho er likevel snar med å realitetsorientere dei som no kanskje fantaserer om ei framtid som banan- og appelsinbønder:

– Sjølv om vekstsesongen blir lengre, betyr ikkje det at ein nødvendigvis kan dyrke dei same artane som dei gjer lengre sør i Europa. Ei vesentleg avgrensing er daglengda, som ikkje endrar seg. Når dagane med lys er korte vil veksten vere avgrensa, uansett om temperaturen aukar. Så nye artar må tilpassast dei lysforholda me har i Noreg. Nye artar må òg tole både veldig tørre og veldig våte forhold, presiserer Gangstø.

I forskinga på klimaendringar og ekstremvêr har Reidun Gangstø sett spesielt på konsekvensane for landbruket. Dei er mange og også overraskande.

Dampar bort

For ja, det kan bli både skikkeleg vått og varmt framover. Det er allereie blitt fleire nedbørsdagar i året og nedbøren er kraftigare enn før. Det har i sin tur gitt meir styrtregn. No kjem også meir av nedbøren som regn enn som snø, og talet på snødagar er blitt færre. Samstundes skjer snøsmeltinga tidlegare på året, forklarar Gangstø, som har sett spesielt på klimakonsekvensane for landbruket i forskinga si.

Høgare sommartemperaturar gir i seg sjølv auka risiko for tørke, særleg i dei områda som har lite nedbør i utgangspunktet. Generelt gir høgare temperaturar også auka fordamping på jorda, som gjer at det må meir nedbør til for at avlingane ikkje skal tørke opp, forklarar ho.

Og då har ikkje Gangstø ei gong nemnt den auka risikoen for skogbrannar, eller at tidlegare snøsmelting gir større fare for vårtørke. Eller, at tidlegare vekstsesong også aukar risikoen for frostnetter etter at vekstsesongen har starta.

Skadedyr overvintrar

Når vatnet først kjem, kan det som mange bønder til dømes merka under flaumen Hans, koma både fort og mykje. Rett nok er det i nedbørsfattige område at meir nedbør i vekstsesongen kan bidra til utvida moglegheiter for dyrking – men meir nedbør gir altså først og fremst auka risiko for flaum, flaumskadar og ulike typar skred på jordbruksareala, påpeiker Gangstø.

I tillegg gir store nedbørsmengder utfordringar med avrenning og erosjon og tap av næringsstoff i jorda. Vatnet kan i tillegg skade vegar og bygningar, føre til at jorda pakkar seg og gjere det vanskeleg å komma ut på jorda med tunge maskiner.

Klimaendringane gir auka risiko for alle produksjonar. For frukt, matkorn og grøntproduksjon på friland som potet blir kvaliteten veldig påverka.

Og jau då, det er endå meir nedslåande nytt.

Høyr berre:

– Høgare temperatur gjer at ugraset veks betre. Me får både meir av eksisterande ugrasartar og nye artar. På Vestlandet er det til dømes blitt ei utfordring med mykje meir lyssiv enn det var for 30 år sidan, grunna auka vintertemperatur og nedbør. Det har eg sjølv sett på garden eg kjem frå, seier Gangstø, som er frå Bjørnafjorden kommune.

– Med høgare temperaturar kjem det også fleire skadedyr, soppangrep og plantesjukdommar. Mildare vintrar gjer og at fleire skadedyr overvintrar, fortel ho.

Frysing og tining

At planter veks fortare ved høgare temperatur, er heller ikkje berre godt nytt. For somme artar kan det faktisk redusere avlinga, seier Gangstø, og viser til forsking frå Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio), som har utarbeidd ei rekkje strategiar og rettleiarar for klimatilpassing i landbruket. Instituttet har også synt at høgare hausttemperaturar endrar samspelet mellom lys og temperatur og gjer at plantene kan bli dårlegare herda for å overleve vinteren.

Også mindre snø og meir kortvarig snødekke gir plantene redusert beskyttelse mot frost. Effekten av ein utvida vekstsesong kan slik sett raskt bli redusert av at det kjem meir tele.

Talet på såkalla nullgraderspasseringar – døgn der temperaturen vekslar mellom å vere under frysepunktet og skiftar til varmegrader, har dessutan også gått opp, særleg litt inn i landet. Kysten av Vestlandet kan derimot vente seg færre slike endringar i frysing og tining, varslar Gangstø:

– Fleire nullgraderspasseringar kan påføre plantene meir stress. Det kan og gi meir langvarig isdekke, som blant anna kan føre til at dyra får problem med å få tak i mat – og til isbrann, om plantene ikkje får tilgang til oksygen.

Utvida vekstsesong kan gjere det mogleg å dyrke mat lengre nord, lengre inn i landet og høgare til fjells. Men vêrskiftet kan og ta knekken på blomkål og gje oss skumle skadedyr som overvintrar.

Flytte nordover?

Med alt me no veit, er Reidun Gangstø tydeleg på at klimatilpassinga til bøndene er heilt avgjerande om næringa skal overleve og sikre innbyggjarane nok mat.

– Dess meir utslepp ein kuttar og jo mindre klimagass ein slepp ut, dess mindre endringar blir det å tilpasse seg. Difor er det viktig at ein ser desse tinga i samanheng, seier ho.

Ho legg ikkje skjul på at somme typar landbruk uansett vil bli vanskelegare i framtida, særleg om klimagassutsleppa skulle kome til å halde fram som i dag.

– Det vil bli utfordringar med auka nedbør i område som er svært våte frå før og som har mykje myrjord. Somme stader kan det òg bli for varmt til å dyrke enkelte artar – det blir sagt at til dømes blomkål og brokkoli ikkje er så glad i høge temperaturar. Då vil det kunne hjelpe å flytte desse produksjonane til kjøligare område av landet, som lengre nord.

– Ikkje alt ein kan tilpasse seg

– Det er heller ikkje alt av klimaendringar ein kan tilpasse seg. Me reknar med ein auke i risikoen for ekstreme vêrhendingar. Dei vil kunne ramme hardt dei gongene dei skjer, åtvarar ho.

Gangstø understrekar samstundes at det er svært mange klimatilpassingstiltak som både kan hjelpe og monne. Det føreset at bøndene både greier å kutte utsleppa så mykje som råd, bu seg så godt det lét seg gjere på dei negative konsekvensane og å nytte seg av moglegheitene klimaendringane trass alt gir:

– Utfordringane kjem til å bli langt større i andre delar av verda enn i Noreg, og det gjer det desto viktigare med norsk matproduksjon i framtida. Grepa den norske bonden tek no er difor ein heilt avgjerande del av løysinga.

Vintrane er blitt kortare, særleg i kystnære strok. Det har ført til opp mot ein månad lengre vekstsesong i enkelte ytre kyststrok på Vest- og Sørvestlandet.
Powered by Labrador CMS