nyhende

Kva kallar du desse? Diskusjonen kan framleis bli heit under julemiddagen, men det finst faktisk eit svar. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Kva kallar du desse? Diskusjonen kan framleis bli heit under julemiddagen, men det finst faktisk eit svar.

Klementin eller mandarin?

Det blir faktisk importert både klementinar og mandarinar til Noreg dei siste månadene før jul. Men det blir importert langt meir av den eine sorten.

Publisert Sist oppdatert

Noreg importerer klart flest klementinar. 95 prosent av importen var klementinar, medan 5 prosent var mandarinar dei siste tre månadene.

Til saman vart det importert 10.500 tonn klementinar og mandarinar, noko som utgjer rundt 19 stykk til kvar einaste nordmann, ifølgje SSB. Så veit du kvar du kan leggje lista.

Ifølgje Bama er klementinar og mandarinar ganske like, men likevel ulike. Klementinen er søtare og mildare i smaken, medan mandarinen har ein litt kraftigare aroma.

Powered by Labrador CMS