nyhende
Klart for turbokøyr i Stortinget – 200 saker på tre veker
Stortinget dundrar på med ein massiv innspurt før sommaren. Fleire saker skal avgjerast, blant dei klimamål, samtykkelov, noregspris, turistskatt og nye røykereglar.
Ein fire år lang stortingsperiode går mot slutten. 20. juni tek Stortinget ferie og møtest ikkje igjen før etter valet i haust.
Dermed er det mange saker som må landast.
Allereie denne veka skal over 100 behandlast i Stortinget. Til saman er det rundt 200 saker som skal opp før sommarferien.
Her er nokre av sakene:
Annonse
Tysdag 3. juni:
- Ny barnehagelov skal vedtakast. Eit fleirtal beståande av Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Venstre, KrF og Pasientfokus er samde om nye reglar for styring og finansiering av barnehagane.
- Nye bubilreglar. Eit fleirtal beståande av Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet og Venstre har varsla at dei er samde om å be regjeringa endre på regelverket slik at ein kan køyre bubilar med inntil 4,25 tonn med vanleg førarkort (klasse B). I dag er grensa på 3,5 tonn.
Onsdag 4. juni:
- Forslag frå SV om å trekkje oljefondet ut av okkupasjon og krigsbrotsverk. Får ikkje fleirtal.
- Endringar i tannhelselova , eit fleirtal frå Ap, Sp, SV og Raudt er samde om å utvide retten til nødvendig tannhelsehjelp frå 25 til 28 år. Dei vedtek også ei gradvis utviding av dei offentlege tannhelsetenestene.
- Røykeforbod på leikeplassar, idrettsanlegg og i bil med barn blir vedteke. Det blir også gjort fleire andre endringar i tobakksskadelova
- Forslaget til turistskatt skal behandlast. Det er enno litt uavklart korleis saka landar, men det er førebels ikkje fleirtal for det opphavlege forslaget.
Annonse
Torsdag 5. juni:
- Eit forslag om ei erstatningsordning for overlevande og etterlatne etter Kielland-ulykka skal behandlast. Førebels uavklart korleis dette endar, men Ap og Høgre har vore negative til å stemme ja.
- Samtykkelova skal vedtakast. Den har breitt fleirtal i Stortinget.
Fredag 6. juni:
- Styrking av språklova. Krava til å skrive nynorsk i staten blir utvida.
Annonse
Tysdag 10. juni:
- Rusreforma skal vedtakast. Her har Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre og SV gått saman for å sikre fleirtalet. Dei er samde om at narkotika framleis skal vere forbode, men avhengige skal få hjelp i staden for straff.
- Forslag om å opne for narkohundar på skulane. Dette har berre støtte av Frp og Senterpartiet og får dermed ikkje fleirtal.
- Klimameldinga. Stortinget skal mellom anna bli samde om eit nytt klimamål. Førebels er det uklart korleis saka endar. Innstillinga frå energi- og miljøkomiteen kjem 3. juni.
Onsdag 11. juni:
- Endringar i barnevernslova. Innstillinga kjem 4. juni.
- Innføring av bøter for brot på marknadsføringsreglane overfor barn. Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, SV og Venstre sikrar fleirtal.
Annonse
Torsdag 12. juni:
- Havbruksmeldinga. Innstillinga kjem 5. juni.
- Minerallova. Innstillinga kjem 3. juni.
- Generell væpning av politiet. Innstillinga kjem 3. juni, men her er det allereie klart at fleirtalet er for. I løpet av våren har både Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre vedteke at dei er for generell væpning. Frå før av var også Frp for.
- Fleire innstrammingar i taxireglane.
Fredag 13. juni:
- Dei tre mykje omtalte EU-direktiva som førte til at Senterpartiet gjekk ut av regjering i februar, skal vedtakast: Fornybardirektivet , Bygningsenergidirektivet og Energieffektiviseringsdirektivet. Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne sikrar fleirtal.
Annonse
Måndag 16. juni:
- Forslaget til noregspris skal opp til behandling. Innstillinga kjem 11. juni, men saka blir også del av forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett mellom SV, Sp og Arbeidarpartiet.
Tysdag 17. juni:
- Kommuneproposisjonen. Regjeringa har foreslått å gi kommunane mellom 4,2 og 4,9 milliardar kroner meir i frie inntekter neste år, men treng fleirtal i Stortinget. Innstillinga kjem 10. juni.
Annonse
Fredag 20. juni:
- Revidert nasjonalbudsjett for 2025. Dette forhandlar Ap med SV og Sp om no. Sp har mellom anna kravd kutt i matmomsen, medan SV har kravd gratis barnehage til alle.