nyhende
Klare til å kjempa for fengsel
Linn Therese Erve og Ruth G. Østebøvik Eriksen jobbar for fengsel som aldri før. Første prioritet er å samla ordførarane rundt ei tomt – og den skal vera i Sveio.
Det skal byggjast nye høgrisikofengsel på Vestlandet, noko Haugalandet jobbar for å få til. Sist veke kom det to ulike rapportar (KVU og KS1) om fengsel.
Rapporten som kom først var tydeleg på at å byggja fengsel på Haugalandet ikkje var anbefalt. Den andre rapporten som skal kvalitetssikra den første, er laga på eit anna grunnlag.
Slaget er ikkje tapt
Til Haugesunds Avis seier stortingspolitikar Sveinung Steensland (H) at hovudpunkta for å ikkje gå vidare med den første, er at den mellom anna ikkje har tatt omsyn til nærleik til tingrett, politi og andre instansar og oppgåver knytt til rettsvesenet.
Dette tenner både håp og gneist hos varaordførar Ruth G. Østebøvik Eriksen og ordførar Linn Therese Erve.
– Slaget om nytt høgrisikofengsel i regionen er ikkje tapt. No er det viktig at me på Haugalandet kan einast om ei tomt – det er det klare rådet me har fått. Me meiner at Sveio har den beste tomta, og det har me støtte for i Sunnhordland, seier Erve.
Sentralisering
Som ordførar er ho med i Haugalandrådet, der fengsel har vore eit tema i fleire år. Det har ikkje blitt peika ut eitt område dei vil satsa på, til trass for tomteforslag i fleire kommunar. Noko av grunnen til dette, er at eit nytt fengsel på Haugalandet, kan bety nedlegging av fengsla i Sandeid og Haugesund, dette er noko fleire ordførarar ikkje kan støtta, oppsummerer Eriksen og Erve.
Eriksen er redd for at både tingrettane me har i Haugesund og på Stord vil bli sentralisert dersom dei lokale fengsla blir nedlagde. Det vil seia at haugalendingar kan risikera å måtta reisa langt for å møta i retten.
– Den største frykta er at me mister domstolane våre. Får me ikkje nytt fengsel, mistar me nærleiksprinsippet, seier Eriksen.