nyhende
Klare med ordførarkandidatar
FrP og Høgre har nominert sine øvste fem kandidatar til haustens lokalval. FrP stiller med kjent kandidat til ordførar, Høgre med eit nytt andlet.
Fleire parti byrjar å verta klare til haustens lokalval. Då må dei ha både kandidatar og program. Sveio FrP og Høgre har no fått på plass det første.
— Det er deileg å få tilliten igjen. Det er ei god kjensle, og eg gler meg til å gjera ein god jobb dei neste fire åra, seier Ruth Grethe Østebøvik Eriksen i Sveio FrP.
Ho er tidlegare ordførar i kommunen, og for tida varaordførar. Nyleg vart ho nominert øvst på FrP si liste til valet. Med seg har ho veteranen Rune Teikari.
Fleire av FrP sine fem øvste har ikkje sete i kommunestyret før, noko dei har til felles med konkurrenten Høgre sin ordførarkandidat.
Program under arbeid
— Det er utruleg stas og veldig kjekt å få tillit som ordførarkandidat for Høgre, seier André Mundal Haukås i Sveio Høgre.
Han har vore med i partiet ein del år, men har ikkje sete i kommunestyret.
— Eg har vore lokallagsleiar og vore med på gruppemøte saman med dei som sit i kommunestyret og ulike utval. Så eg har vore tett på den politiske prosessen, og det har vore veldig spanande, seier Haukås.
Begge kandidatane fortel at nøyaktig kva program deira parti går til val på ikkje er spikra enno. Høgre sin nye ordførarkandidat trur dei vil få gode idear ved å lytta.
— Me skal ut og treffa folk, bedrifter og organisasjonar i programprosessen vår. Der skal me lytta til kva folk synest er bra og kan som kan verta betre, seier Haukås.
Næringspositiv
— Kva er dine planar viss du vert ordførar?
— Å utvikla Sveio til å verta ein enno betre kommune å bu i, både for dei som bur her, men også dei som driv næring, svarar Haukås.
— Har du eit døme på kva næring du meiner?
— Me har næringar i mange storleikar og variantar i Sveio. Når folk vil få til noko, enten dei er ein tilsett eller 80 tilsette, må me vera på ballen og vera positive til utvikling av næringslivet i Sveio, seier han.
Haukås trur ein næringspositiv kommune kan vera med å snu fråflyttinga.
— Det er viktig med arbeidsplassar. Skal me få folk til å flytta til kommunen, eller flytta tilbake når dei har vore ute og studert, er det viktig med tilgang til både tomt og arbeidsmarknad, seier han.
Saknar kommuneplan
Høgres ordførarkandidat påpeikar at majoriteten reiser ut av kommunen for arbeidet sitt, og det er ynskjeleg å legga til rette for at fleire kan arbeida i Sveio.
— Har du ei særleg viktig sak for deg?
— Heilheita, eit godt tilbod til dei som skal bu og driva i Sveio. Eg er heldig som har ei syster som er 20 år yngre enn meg og går på barneskule i Sveio, venar som etablerar seg og får barn, og besteforeldre som går alderdomen i møte. Difor kan eg sjå mange område som kommunen må levera på, seier Haukås.
— Kva utfordringar har Sveio i dine auge?
— Det viktigaste er å få på plass kommuneplanen, den ser ikkje ut til å verta ferdig i denne perioden. Det er dumt at slike prosessar tek så lang tid. Så eg skulle gjerne ha sett at me hadde vore litt meir på hogget, seier Haukås.
Vestavind gjer merksam på at Haukås sit i avisstyret som representant for Sveio kommune. Som styremedlem har han ingen påverknad på redaksjonelle saker.
Har si hjartesak
Varaordførar Eriksen seier at medlemmane bestemmer deira partiprogram, men at dei typiske sakene for Sveio FrP vert dei same som før.
— Gode skular, trygg helse og omsorg, meir veg og ikkje innføra eigedomsskatt igjen, seier Eriksen.
Forutan dei konkrete punkta, fortel ho at dei også vil vera opptekne av meir kompliserte utfordringar.
— Det er viktig å ha fokus på å få opp innbyggartalet og gjera Sveio attraktivt. Det er kjempeviktig, seier Eriksen.
— Har du ei særleg viktig sak for deg?
— Helse og omsorg er mi hjartesak. Det skal vera trygt og godt i Sveio for alle, frå vogge til grav, svarar ho.
Nøgd med rekrutteringa
Veteranane Gustav Eidsvåg og Svein Mathias Lie gjev seg, men Eriksen er samstundes svært nøgd med at dei har fått inn nye.
— Kristine Bjånesøy Tikkanen er ny og faktisk nyinnflytta. Vibeke Enerstvedt er ny i Frp og var i Høgre saman med meg då eg var ordførar frå 2011 til 2015. Leif Tore Haukås sit i hovudutval for oppvekst og er vara, seier ho.
— Så rekrutteringa dykkar har vore bra?
— Ja, me er veldig nøgd med at blant dei fem øvste så har me to menn og tre kvinner, seier Eriksen.
Ho trur dei nye vil gje eit friskt pust.
— Det er kjekt å få inn nye. Då kan dei gjerne sjå ting utanfrå.
— Kvar i kommunen kjem dykk frå?
— Eg er frå Liereid, Teikari kjem frå Sveio, Tikkanen og Enerstvedt er frå Førde, og Haukås bur på Mølstrevåg. Det er grei spreiing, seier Eriksen.