nyhende

Sveio DrillFra venstre: Leah Våbenø, Sunniva Vikse, Maria Fonnes, Malin Åsbø. Sitter på Bakken: Ingrid Andrea Kvalvåg Panayiotou.Bak: Cecilie Førre Apeland.Fra høyre: Anne Synnøve Breistig, Ingeborg Storstein, Emmelin Hjelmeseter, Emilia Åsbø.
Biletet er frå noregsmeisterskapet i juni. Frå venstre: Leah Våbenø, Sunniva Vikse, Maria Fonnes, Malin Åsbø. I midten: Ingrid Andrea Kvalvåg Panayiotou (føre)og Cecilie Førre Apeland (bak). Frå høgre: Anne Synnøve Breistig, Ingeborg Storstein, Emmelin Hjelmeseter, Emilia Åsbø.

Klare for VM i Liverpool

Sveio Drill er i desse dagar i heimbyen til The Beatles for å delta i eit verdsmeisterskap.

Publisert Sist oppdatert

Dei har hatt det travelt dei siste månadane i Sveio Drill. Eit nasjonalt meisterskap før sommaren, eit europameisterskap i haust, og no eit verdsmeisterskap.

International Baton Twirling Federation (IBTF) held sitt årlege meisterskap i Liverpool. Den 4. august byrja konkurransane for yngre deltakarar, og Sveio Drill har vore på plass sidan måndag 7. august i førebuing.

Trente utandørs

Tysdag hadde dei nokre oppvarmingsøkter utandørs, kor forbipasserande og andre drillutøvarar fekk sjå sveibuane trena.

Seinare på kvelden vart det fest med dei andre deltakarane, i eit selskap i regi av verdsmeisterskapet.

I dag, onsdag, byrjar deira del av meisterskapet, kor dei skal tevla mot lag i frå heile verda.

Første konkurranse i dag

Først ut er greina «Flagg Team Junior», kor tevlinga finn stad tidleg ettermiddag norsk tid klokka 14.20.

Interesserte kan følgja Sveio Drill på det sosiale mediet Instagram, kor dei kjem til å oppdatera korleis det går. Der heiter dei «Sveiodrill».

Det er også mogeleg å sjå direktesending frå IBTF si strømming av meisterskapet. Det gjer du ved å trykkja her.

Powered by Labrador CMS