nyhende
Klare for Snuppetur og Ittefest
Snuppeturen 2023 blei raskt fullbooka, men Ittefesten er det framleis mogeleg å få med seg. Og om du skulle vera i tvil: festen er for alle, ikkje berre snupper.
Kva gjer ein når den årlege venninneturen til Kjerringsveiven på Rjukan blir avlyst på grunn av korona? Planlegg eigen tur med heimplassen Auklandshamn som base. Snuppeturen såg dagens lys i fjor. Det blei så vellukka at det måtte bli ein ny tur i år. Med plass til fleire deltakarar.
— Me auka til 120 plassar og opna påmeldinga på kvinnedagen 8. mars. Allereie halvannan dag seinare var turen fullbooka. Her er det deltakarar frå heile Haugalandet, og eit aldersspenn frå 18 til over 70 år. Det var ein del lokale som ikkje rakk å sikra seg plass, så for nokre veker sidan la me ut 30 ekstraplassar, fortel ein av dei åtte sjefssnuppene, Solfrid Hjortland Kinn.
Uformell tur utan tidtaking
Start og mål er i Auklandshamn, og løypa er på rundt åtte kilometer. Snuppeturen har inga tidtaking, og det er diverse stasjonar undervegs med ulike innslag. Her gjeld det å ha det kjekt og bli kjent med dei andre snuppene. Premieringa er deretter, og ingen veit kriteriene for premiane før dei blir delt ut.
— I fjor var det eit sakn at alle skulle gå kvar til sitt etter turen var over. Difor utfordra me Auklandshamn bygdalag på å laga til noko når deltakarane kom i mål, seier Hjortland Kinn.
Ittefest kan bli ein tradisjon
Det aktive bygdalaget heiv seg rundt, og no blir det Ittefest når snuppene kjem i mål.
— Me har leigd telt og festivaltoalett som blir sett opp på fotballbanen på Stølen. Nå snuppene kjem i mål, kan dei slå seg ned og kosa seg fram til premieutdelinga. Får klokka 17.00 og utover er det offisiell Ittefest. Her er alle velkomne, og Vidar Vikse skal spela, seier Gerd Jorunn Christensen, leiar i bygdalaget.
The Strand kjem med burgervogna si, så det blir også mogeleg å få seg eit godt måltid. Til no er det 140 påmeldte, og dei har sett eit tak på 200 plassar.
— Det er ei stund sidan det har vore arrangert offentleg fest på Økland, så me har sett eit tak både for å gjera det overkommeleg og få litt erfaring. Blir det like vellukka som Snuppeturen, kan Ittefest fort bli ein tradisjon, seier Christensen.
Etterlyser fleire menn
Du må i utgangspunktet melda deg på, men er det ledige plassar kan folk berre koma til det er fullt. Så langt er det flest damer som er påmeldt.
— Kanskje ikkje så rart når det er Snuppetur først?
— Det har du nok rett i. Men er det ein plass du kan treffa damer, så er det her, ler Christensen.