nyhende

Ein oppfriskingsdose vil gje dei aktuelle gruppene tryggleik mot korona før ei mogeleg smittebølge våren eller sommaren 2023. ILLUSTRASJONSFOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK
Ein oppfriskingsdose vil gje dei aktuelle gruppene tryggleik mot korona før ei mogeleg smittebølge våren eller sommaren 2023.

Klare for ny koronavaksinering

Treng du oppfriskingsdose av koronavaksine, kan du tar turen til Soknehuset i morgon, torsdag.

Publisert Sist oppdatert

Vaksineringa skjer etter drop in-prinsippet. Du treng ikkje bestilla time, og dei som kjem blir vaksinerte etter kvart.

Det er sett av fem timar til vaksineringa, og torsdagen er den einaste dagen med massevaksinering.

Regjeringa tilrår oppfriskingsdose mot covid-19 for dei som bur på sjukeheim og personar som er 75 år og eldre. Anbefalt intervall er seks månader. Det vil seia at det er seks månader eller meir sidan du tok forrige vaksine.

Hensikta med tilrådinga er å gje dei aktuelle gruppene tryggleik mot korona før ei mogeleg smittebølge våren eller sommaren 2023.

Beslutninga er basert på råd frå FHI, då personar i aldersgruppa 75 år og eldre og sjukeheimsbebuarar er gruppene som har høgast risiko for alvorleg sjukdomsforløp.

Powered by Labrador CMS