nyhende
Klare for NM i sprangriding
Patrick Reine Severinsen (16) og hesten Knaller van de Baanse (Bamse) er klare for NM i sprangriding i Tønsberg første helga i november.
Før helga deltok Patrick og Bamse på Agria Oslo Horse Show, som er det største arrangementet innan ridesporten i Norge. Her konkurrerte dei med hinderhøgde på 130 centimeter heile helga. Resultatet blei ein 4. og ein 7. plass.
Agria Oslo Horse Show er eit internasjonalt stemne med fleire konkurransar og familieshow. Stemnet markerte også startskotet for innandørs-sesongen i World Cup sprangriding for dei litt eldre utøvarane.
16-åringen frå Sveio var einaste deltakar i Oslo. Det blir han også under NM i Tønsberg, fortel trenar Trond Severinsen.
– Det er eit lite miljø, og når dei unge drar ut for å skaffa seg utdanning tar dei gjerne hesten med og held fram i klubbar på stadene dei studerer, seier han.