nyhende
Klare for lansering av nye nettsider
Måndag 2. desember tar Sveio i bruk nytt saksarkiv, og torsdag 5. desember blir kommunen sine nye nettsider lanserte.
Til saman skal dette gjera kommunen sitt tenestetilbod meir brukarvenleg og meir digital, men i førstninga må ein rekna med noko lengre saksbehandlingstid. Dette fortel rådgjevar digitalisering Kristine Rossehaug og konsulent Vibeke Berge Vierdal, som saman med ordførar André Mundal Haukås og rådmann Jostein Førre presenterer dei nye løysingane for Vestavind.
Nedetid i overgangen
Frå måndag til torsdag i neste veke blir for eksempel postlistene utilgjengelege i samband med overgangen. Det same gjeld oppdateringar om politiske møte. Kommune-TV vil derimot fungera som normalt for dei som ønskjer å følgja møtet i formannskapet måndag kveld.
Grunnen til at saksbehandlingstida, for eksempel i byggesaker, blir forlenga etter overgangen, er at det vil ta tid å bli kjent med dei nye systema og få dei til å kommunisera med kvarandre, forklarar kommunen sine representantar.
Nye digitale tilbod
Når alt er oppe og går, vil derimot dei nye nettsidene bli meir brukarvenlege og by på ei rekke nye tilbod for brukarane. Via fanen «Min kommune» kan alle med eigedommar i Sveio logga inn og få tilgang til opplysningar om eigedommen, oversikt over sin eigen kommunikasjon med kommunen, fakturaer frå kommunen og så vidare. Via dei nye nettsidene vil det også bli mogleg med meir sjølvbetjening for eksempel ved at ei rekke søknadsskjema kan fyllast ut digitalt. Dette kan gi kommunen sine tilsette meir tid til å løysa andre oppgåver.
– Dette betyr ikkje at tjenestetilbodet med fysisk oppmøte eller sentralbordteneste blir redusert ytterlegare. For dei som ikkje er så digitale vil me framleis vera tilgjengelege både på telefon og fysisk til stades i opningstida, understrekar Vierdal og Rossehaug.
Interkommunalt samarbeid
Sveio er den siste av dei 12 kommunane i IKT Nordhordland som skiftar saksarkiv og tar i bruk nye nettsider. Kommunane har hatt eit omfattande samarbeid i tilknyting til overgangen, mellom anna gjennom ulike faggrupper. Rossehaug leiar ei faggruppe for universell omforming. Denne gruppa har arbeidd med å gjera sidene brukarvenlege også for folk med ulike funksjonshemmingar. Vierdal er med i faggruppa for klart språk, eit område som har svært høg prioritert i det offentlege.
Chatrobot til teneste
Nettstadadressa blir den same som før. På framsida vil brukarane møta chatroboten Kommune-Kari, som er klar til å svar på spørsmålet om alt innhaldet på nettsidene. Sentralt plassert merkar me oss også at det finst ein varslingsknapp for bekymringsmeldingar om barn og unge, og ein knapp med informasjon om Sveio på engelsk for framandspråklege. For å nemna noko.