nyhende

Vil justere ordensreglement i Sveio-skulen:

Sveio kommune har sendt forslag til nytt ordenreglement ut på høyring. Bilde er frå Førde skule.ARKIVFOTO
Sveio kommune har sendt forslag til nytt ordenreglement ut på høyring. Bilde er frå Førde skule.ARKIVFOTO

Klarare tale om mobilbruk i skulen

Rådmannen i Sveio vil innskjerpe reglar for mobilbruk etter einskildhendingar.

Publisert Sist oppdatert

Sveio kommune har sendt forslag til nytt ordensreglement i Sveio-skulen ut på høyring. Den største endringa som er føreslått handlar om mobilbruk.

I dagens regelverk, som var vedteke i 2017 heiter det at:

Eleven ikkje skal «bruka eigen mobiltelefon eller anna privat digitalt verktøy som kan kommunisera eller takast bilete med. Dersom eleven har med slikt utstyr, skal det ligga avslått i sekken. Det kan krevjast at mobiltelefonen i skuletida skal vera innelåst i mobilhotell».

Formulering er føreslått endra til:

«Opptak, fotografering og publisering av elevar, tilsette og andre i skuletida er forbode om det ikkje er gjeve spesifikt samtykke til dette som ein del av undervisninga.»

— Ei presisering

Ifølge konstituert rådmann Ingunn Toft er det ikkje snakk om innstramming, men ei presisering

— Formuleringa er endra frå «skal ikkje» til «forbode». Dette er for å tydeleggjera at opptak, fotografering og publisering av elevar, tilsette og andre i skuletida ikkje skal skje, då det generelt i samfunnet er auka bruk av digitale verktøy og sosiale media, skriver Ingunn Toft i ein e-post til Vestavind.

Einskildhendingar

Toft skriver at dagens ordning er god, men at ein ser at det kan vera nyttig med nokre presiseringar for ei betre felles forståing.

— Har det vorte eit problem med bilettaking av elevar og lærarar utan samtykke?

—Det har ikkje vore eit problem, men nokre einskildhendingar. Det er uansett ynske om fokus på at dette ikkje er greitt, seier ho.

Toft er tydeleg at målet med det nye reglementet er å vere tydelege og sikre ei felles forståing.

Powered by Labrador CMS