Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Klar med nye kriminelle kattehistoriar
For fire år sidan tok kunstnar og forfattar Jan Terje Rafdal frå Etne lesarane med på ei humoristisk og underhaldande reise inn i kattens univers. Nå er kan klar med oppfølgjaren.
Bok nummer to i serien Kattenes Kriminalprotokoll er fullspekka av humoristiske og underhaldande forteljingar om katter og deira kriminelle aktivitetar. Gjennom små anekdotar tek forfattaren lesaren med på ei reise i tid tilbake til 1600-talet, til ei fiktive katteverd der dei firbeina kattedyra begår dei mest nedrige handlingar og der kattejustisen blir utført med hard og stødig pote.
— Det handlar om kattar som finn på mykje rart. Det er ei humoristisk bok med småhistoriar og fiktive reportasjar der eg tullar med samtida. Det er lett å byggja sterke personlegdomar av kattar, seier forfattar Jan Terje Rafdal.
Boka består av 30 ulike kapittel. Her får ein mellom anna høyra om den hardtarbeidande bonden i Hagldal som var så uheldig å sprenga vekk altfor store fjellmassar då han skulle laga seg ein ny veg til setra. Den uheldige katten skulda på feil type sprengstoff, men blei likevel dømt til Two Uger paa Tugthuus.
Like uheldig var Ditleif Løhmmel, som etter å ha blitt overtydd til å spionera for engelskmennene mot det danske rike, blei dømt til Fem aars Strafarbeidue oc Kagstrykning for Conspirationes ad Kongue, Stadt oc Fædreland.
Også råkøyraren fra Modalen får si velfortente straff etter å ha blitt observert for mistanke om farleg åtferd med hest og kjerre på vegane, medan den kvinnekjære katten Holger Brænder blei dømt til både Halerøsk og Tughthuus for at haffue saa altfor mangue Koner.
Straffemetodar
I tillegg til dei utrulege historiane om kattane sine brotsverk, gir forfattaren ei informativ og svært morosam oversikt over ulike straffemetodar som blei nytta i katteverda. Blant dei mildaste straffemetodane var værhårklipping, kloklipp, halerøsk og deportasjon til dansk koloni i Nepal. Dei hardaste straffemetodane innebar mellom anna kastrering og haleheng, medan dei mest alvorlege brotsverka omfatta dødsstraff eller straffarbeid.
Myntar og kortspel
I den fiktive katteverda til forfattar Rafdal høyrer også eigne system for mål, vekt og betalingsmiddel i form av spesielle spesidalar. Spel og leik høyrde med i kattane sine liv og mange let seg freista til ulovleg hasardspel som spelet kneif og urkneif.
Spelekort, myntar og måleeiningar er nøyaktig beskrive i boka både gjennom tekst og teikningar signert kunstnar Rafdal.
Teikningane som dannar grunnlag for illustrasjonane i boka skissa han først inn i ei gamal bok frå 1600-talet kjøpt på eit antikvariat i Nederland.
— Eg har nytta dei blanke arka i boka, fortel den allsidige kunstnaren.
Dei ferdige skissene har sidan danna grunnlag for fangeportretta som er presentert i boka. Kvar enkelt katteforbrytar er presentert med eit eige fangeportrett med namn og fangenummer. Også kneifkorta og myntane er utsmykka med kattemotiv.
— Eg lagar eit univers som eg stadig lagar nye greiner på, og på eit vis lever eg meg inn i denne verda, seier forfattaren og kunstnaren frå Etne.
Dei originale maleria og teikningane har han lagt ut for sal, og mesteparten er alt selt.
Den allsidige kunstnaren har også laga eigne myntmedaljar etter mal frå spesidalar. Myntmedaljane, som han har datert til år 1637, er laga for å sjå skikkeleg gamle ut og er prega ved sølvvarefabrikken Brødrene Lone i Bergen. Med unntak av to sølvmedaljar er alle objekta selt til interesserte samlarar.
— Eg har fått laga sølvmedaljar og nokre få gullmedaljar. Dette er kunstobjekt som er selt, seier Rafdal.
Eit anna kunstprosjekt som er knytt til katteprosjektet er kattemotiv prega på antikke vinglas. Etter ein del testing på billige glas tok han sjansen på å prega motiva inn på originale glas frå 1700-talet. Resultatet er svært imponerande.
Felix Fiigenschou
Katteprosjektet til kunstnar Jan Terje Rafdal starta for over 20 år sidan då han skapte den fiktive kunstnaren Felix Fiigenschou. Felix var ein svært dyktig kattemalar som levde på første halvdel av 1600-talet og som er presentert mellom anna gjennom ein serie kattemaleri.
— Den første boka kom i 2012, fortel Rafdal.
Den siste boka Kattenes Kriminalprotokoll Andet Bind er trygt i 1000 eksemplar. Grafisk designar Torgeir Hjetland har hatt ansvar for det grafiske arbeidet med boka som er gitt ut på Kapital forlag.
— Det er blitt ei lekker bok som eg er svært stolt av. Eg håpar den kan bli ei fin julegåve, seier forfattaren.