nyhende
Klar for årets teljing av hjort
Eit sikkert vårteikn er at viltansvarleg Dagfinn Bjørge melder at no er det straks jakt på hjort frå bil. Ikkje for å skyta dei, men for å telja dei.
Vårteljing av hjort på innmark har pågått i vår region sidan 1999. Nær 100 personar deltek i feltarbeidet, og sju-åtte av dei har ansvaret for å dekka aktuelle områda i Sveio kommune.
Det vil seia at store delar av kommunen får besøk av bilar seint på kvelden nesten kvar torsdag framover.
Seks teljedagar
Ser du lys i mørket på uvante stader framover, så det altså frivillige som gjer ein innsats for hjorteforvaltinga.
– Første teljedag er alt no torsdag 14. mars. Vidare blir det teljing 21. mars, 4. april, 18. april, 25. april, og siste teljing blir onsdag den 8. mai. seier Dagfinn Bjørge, viltansvarleg i Sveio kommune.
Teljingane startar klokka 23.00 og pågår i omlag eit par timar. Då køyrer dei frivillige rundt med kraftige lys på bilane og tel det dei ser av dyr.
Skal også registrera rådyr og elg
Teljinga skjer samstundes over heile Haugalandet. Å bruka bil er ein god måte å komma innpå dyra. Hjorten reagerer sjeldan på bildur, men opnar du døra og går ut, spring den. Det skal teljast bukk, hind, spissbukk og kalv. Ser en rådyr eller elg skal dette også registrerast.
Både Naturdata og Norsk Hjortesenter meine at «Sett hjort»-skjemaet blir for lite brukt i vår region. Vårteljinga er difor viktig for forvalting av hjortestamma i dei ni kommunane som er med i Hjorteviltutvalet for Haugalandet.
Det gjev auka innformasjon og kunnskap om utviklinga til bestanden. Saman med fellingsresultat gjev teljinga grunnlaget for å utarbeida hjorteviltplanen for regionen.