nyhende

politibil

Klaga på smerter i skulder etter ulykke på E39

Ein ung mann og ein eldre mann var sjåførar i kvar sin bil som smalt saman på E39 i Førde fredag kveld.

Publisert Sist oppdatert

Det var klokka 18.52 fredag kveld at politiet fekk melding om at det hadde skjedd ei trafikkulykke på E39 ved Førde.

Ifølgje opplysningane operasjonsleiar Irene Ragnhildstveit ved Sør-Vest politidistrikt hadde ved 21.30-tida fredag, skal det ha vore to personbilar involvert i uhellet.

To menn

Førarane, ein mann i slutten av tenåra og ein mann i 60-åra, skal ha vore dei einaste involverte personane i hendinga som ifølgje Ragnhildstveit skjedd på E39 ved Solheim, like nord for Førde sentrum.

Uklar årsak

Det skal ikkje vere snakk om ei front-mot-front-ulykke, men hendinga skal ha skjedd i samband med at eit av køyretøyet har føretatt ein svingmanøver.

— Det er noko uklart kva som er årsaka til ulykka, seier Ragnhildstveit til Vestavind.

Den eine av bilførarane klaga på smerter i ei skulder etter hendinga og vart teke i vare av helse.

Nordgåande felt på E39 var sperra ei stund etter hendinga.

Powered by Labrador CMS