nyhende

Kjøt- og fjørfebøndene som samtykkjer til å dele sine grøne tal med Klimakalkulatoren i løpet av første halvår 2026 vil få økonomiske tilleggsytingar per kilo levert vare.

Kjøtt- og eggbransjen saman om klimakalkulator

Kjøt- og fjørfebønder som samtykkjer til å dele data med Klimakalkulatoren, får økonomiske tilleggsytingar alt i år.

Publisert

Nortura SA og Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund (KLF) har vorte samde om ei felles bransjeavtale som skal bidra til å redusere klimagassutslepp i landbruket. Avtalen inneber at fleire bønder tek i bruk den såkalla Klimakalkulatoren og gjennomfører klimatiltak på garden. Slakteri og eggpakkeri forpliktar seg i sin tur til å følgje opp dei avtala tiltaka, skriv Nortura i ei pressemelding.

Nyheita kjem same dag som landbruksnæringa møtast til klimatoppmøte i Oslo.

Ventar byks i oppslutnad

Den digitale kalkulatoren er utvikla av Klimasmart landbruk, eit samarbeid mellom Norges Bondelag og ei rekke verksemder med nær tilknyting til landbruksnæringa. Kalkulatoren hentar data frå fleire kjelder for å gi eit heilskapleg bilete av klimautslepp og klimatiltak på garden.

Ifølgje Norges Bondelag vart Klimakalkulatoren teken i bruk i 2020, og per februar 2026 har 11.000 bønder gjeve samtykke til klimaberekning på gardane sine.

Laget meiner den nye bransjeavtala er godt nytt for landbruket si klimasatsing:

Bodhild Fjelltveit, nestleiar i Noregs bondelag, meiner den største fordelen med Klimakalkulatoren er at jordbruket no kan få betre berekningar av utsleppa i sektoren, i tillegg til at bøndene får oversikt over utsleppa frå eigen gard.

– Denne avtalen er særs viktig for å auke oppslutnaden om klimakalkulatoren. Me såg at oppslutnaden om kalkulatoren fekk eit byks blant mjølkeprodusentane då Tine innførte berekraftstillegg for å ta kalkulatoren i bruk. No som det blir gjort tilsvarande grep for kjøt, ventar me å sjå noko av det same, seier nestleiar i Bondelaget, Bodhild Fjelltveit, til Nynorsk pressekontor.

Grønt tillegg

Tala som blir henta inn i Klimakalkulatoren blir kalla grøne tal. Dei har ingen ting med storleiken på tala å gjere, korkje i høve til absolutte nivå eller samanlikna med andre tal.

Bøndene som samtykkjer til å dele sine grøne tal med Klimakalkulatoren i løpet av første halvår 2026 vil få økonomiske tilleggsytingar per kilo levert vare. Seinare, truleg frå andre halvår 2027, vil berre gardar som har såkalla «grøn status» få dette tillegget.

Grøn status betyr at dei grøne tala er verifisert og basert på reelle og representative driftsdata. Om statusen er gul eller oransje, kan det bety at det manglar data frå enkelte produksjonar, eller at tal må leggjast inn manuelt.

Fleire modular kjem

Fjelltveit meiner den største fordelen med Klimakalkulatoren er at jordbruket no kan få betre berekningar av utsleppa i sektoren, i tillegg til at bøndene får oversikt over utslepp frå eigen gard.

Dagleg leiar i Landbrukets Klimaselskap, Kjetil Gran Bergsholm, seier dei har prioritert å lage klimakalkulator-modular for dei største produksjonane først.

Det gir igjen gjev eit godt grunnlag for klimarådgjeving og -tiltak på gardsnivå, sjølv om det førebels er eit lite stykke fram før kalkulatoren dekkjer alle produksjonsområde:

– Den største utfordringa med Klimakalkulatoren er at det per dags dato ikkje er laga berekningsmodellar for alle produksjonar. Kalkulatoren dekker førebels om lag 90 prosent av norske produksjonar, seier ho.

Dagleg leiar i Landbrukets Klimaselskap, Kjetil Gran Bergsholm, stadfestar dette.

– For kalkun ventar me på data, medan modulen for geit er sett på vent av kapasitetsomsyn. Me har prioritert dei største produksjonane først, seier han til NPK.

– Om kort tid startar me med produksjon av modular for kålvekstar som hovudkål, blomkål og brokkoli, og for bær er produksjonen av modulen for jordbær i gang. Produksjon av klimakalkulator-modular for eple, plomme og morellar er i startgropa.

Powered by Labrador CMS