nyhende
Kjøpte konfirmasjonsdress for hummarpengar
Hans Kåre Larsen (76) oppvaksen på Hiskjo på Bømlo, byrja tidleg å fiska hummar. Då han stod konfirmant i Bremnes kyrkje for meir enn 60 år sidan, hadde han sjølv finansiert konfirmasjonsdressen med oppsparte midlar frå hummarfisket.
– Hummarfisket var noko anna før i tida, det var rikt og noko av inntekta vår. Far min og eg hadde ein liten fiskebåt ilag, me hadde rundt 60-70 teiner. Første veka i sesongen var det vanleg å dra teinene to gonger i døgeret, som regel var det alltid god fangst. Konfirmasjonsdressen min kjøpte eg for hummarpengar, fortel Hans Kåre Larsen. Han vaks opp i ein søskenflokk på fire, 13 år gamal mista han mor si.
Streng på klørne
På det meste har han fått fire humrar i ei teine. Det var ved Hiskjo. Ein annan gong fekk han sju stykke på eit trollgarn.
– Om kveldane, i ei dunkel lysstripe frå ei lommelykt, batt me hummarklørne med streng. Me måtte passa på å behandla hummaren forsiktig så han ikkje slepte klørne. Gjorde han det fekk me ikkje anna enn vel halv pris for han den gongen, minnast Larsen. Han kan også bekrefta at hummaren klyp godt, det har han fått merka både på lår og legger.
Ulike fiskeri
Larsen er godt kjent langs heile vestlandskysten etter å har vore på ulike fiskeri opp gjennom åra. Han har trassa storm og kulde mang ein gong, likevel står denne tida i ein eigen glans i minnet. Som den gongen ombord på fiskebåten «Skipper Worse» då dei fekk over hundre størjer i eitt kast. Han har også opplevd når vêrgudane har slått seg vrange, men det enda godt.
– Eg hugsar me kom ut eit forferdeleg uvêr med snøfokk ved øya Grip. Ei fiskeskøyte gjekk ned den vinteren, me kom heim, seier han ettertenksamt.
Tjernagel
Han var yrkesfiskar fram til slutten på 1960-talet, då hoppa han i land og byrja på Stord verft, deretter ei tid i Televerket før han avslutta yrkeslivet på HMV. I tillegg har han drive gard på Tjernagel, der han og kona Olava bygde hus på hennar heimstad i 1976. Langs Sveio-kysten var det framleis mykje hummar på den tida.
– Ein gong fekk eg tre humrar på over kiloen i éi teine, det var rett utanfor Tjernagel-sendaren. På trollgarn har eg opplevd å få to humrar på over to kilo. Dei er «svere» då, fastslår Hans Kåre som framleis let Bømla-dialekten skina gjennom når han blir ivrig.
Til no har fiskaren berre éin hummar i frysaren. Han håpar på fleire.
– Hummaren sparar eg til romjula, det er tradisjon heime hos oss, smiler 76-åringen.
211 på hummarfiske i Sveio
Per 6. oktober var det påmelde 211 personar til årets hummarfiske i Sveio kommune.
– Me kan i den offentleg tilgjengelege oversikta ikkje skilja mellom yrkesfiskarar og fritidsfiskarar, men basert på erfaring vil eg seia at minst 90 prosent er fritidsfiskarar, opplyser Olav Lekve, seniorrådgjevar i Fiskeridirektoratet.