nyhende
— Kjerneoppgåvene må løysast
MDG beskriv lista si som heil ved, og går inn i valkampen med eit fokus på dei grunnleggjande oppgåvene til ein kommune. — Eldreomsorg, helse og skule, seier førstekandidat Kjartan Moe Hustvedt.
Han tek over som førstekandidat for MDG for Ole-Ørjan Hov, som for tida sit som MDG sin representant i kommunestyret.
Hustvedt vart smigra over tilbodet då han fekk det.
— Kvifor er du på første plass?
— Det var først og fremst fordi eg vart spurt, og sjølvsagt fordi eg synest politisk arbeid er spanande, seier Hustvedt.
Kjerneoppgåver
Til vanleg jobbar han som lærar på Haugaland vidaregåande skule, men fortel at han tidlegare også har undervist på Sveio skule nokre år tilbake.
No er han øvst på ei liste som har jamn blanding av alder og kjønn, og geografisk deltaking frå Valestrand i nord til Tveit i sør.
— Kva går dykk til val på?
— Kjerneoppgåvene til ein kommune. MDG ynskjer å jobba for ein kommune der dei som bur her trivst, at dei som høyrer til her likar seg. Me ynskjer ein sveibu med bulyst, kor ungdomar som reiser ut for å studera, ynskjer å busetja seg her når dei er ferdige, seier Hustvedt.
Fleire sykkel- og gangstiar i Sveio
Han peikar på fleire faktorar som gjer ein kommune attraktiv å busetja seg i.
— Det gjeld å støtta oppom alt det gode arbeidet som blir gjort av organisasjonar, slikt at ein har eit godt fritidstilbod, seier Hustvedt.
— Kva vil dykk gjera i Sveio?
— Å gjera det til ein god og attraktiv plass å bu. Du kjem ikkje utanom dei kjerneelementa som eldreomsorg, helse og skule. Dei oppgåvene må ein løysa først, svarar han.
Hustvedt kjem også innpå tema som MDG er kjent som pådrivarar for.
— Me vil jobba for sykkel- og gangstiar i heile Sveio, slik at det vert meir tilgjengeleg for dei som skal bevega seg. Tryggare vegar for dei. Og så skulle me ynskja at kollektivtilbodet var betre. Kort sagt ynskjer me å styrka bygdene og kollektivtilbodet, seier han.
Behalda skulane
— Kva meiner dykk om skulestrukturen?
— Me gjekk til val sist gong for å behalda skulestrukturen, og det gjer me også no, svarar han.
— Har dykk ei nedre grense for elevar?
— Det kan eg ikkje seia no. Det er dyrt å driva kommune og dyrt å driva smått, men det er noko av det som skapar identitet, svarar Hustvedt.