NPK: – Det kjem endringar. Men store lettar med dagens smittenivå, trur eg ikkje eg kan love. Vi gjer ei heilskapleg vurdering. I dag har vi nasjonal smitterekord, seier Kjerkol til Aftenposten.
Kjerkol forsvarer samtidig karantenereglane for lærarar, men seier ho har forståing for frustrasjonen.
Kjerkol seier ho kjenner på det massive presset om å oppheve skjenkjestoppen, men gir ikkje bransjen noko raskt håp om at det vil bli lettar 14. januar, når tiltaka skal vurderast.
Spesielt på spørsmålet om å tillate skjenking fram til klokka 22 som ein mogleg veg å gå, er ho krystallklar på at erfaringane frå førre gong ein prøvde det ikkje var gode.
– Det er bakgrunnen for at vi følgde det klare faglege rådet om skjenkjestopp. Det er forskingsmessig dokumentert at alkohol påverkar åtferd. Det er vanskeleg å halde fast på meteren, seier ho.
Overfor VG utdjupar ho at det var eit feilgrep då Ap saman med resten av opposisjonspartia for eitt år sidan valde å køyre over regjeringa og oppheve skjenkjestoppen, ved å krevje at kommunar med lågt smittetrykk skulle kunne servere alkohol til maten.
Kjerkol erkjenner no at vedtaket ikkje var blant dei stoltaste augeblinkane hennar.
– Er det eit vedtak de skulle vore forutan?
– Ja. Det trur eg vi kan innrømme, ja, seier ho til avisa.
Til Dagbladet seier Kjerkol at ho er glad for støtta frå tidlegare statsminister Erna Solberg (H), som har sagt at Høgre ikkje vil blande seg inn i regjeringsvedtaket om smitteverntiltak.