nyhende
Kjem meir aktivitet på Ekrene
Ein søknad om løyve til å føra opp eit nytt industribygg på Ekrene næringspark er sendt inn til Sveio kommune. Bygget vil husa fleire selskap og næringar, fortel konsernsjef i Stangeland Gruppen.
Det skjer mykje på Ekrene næringspark. Vestavind har tidlegare skrive om kjøp av tomter kor fleire selskap er involvert, mellom anna Birkeland Maskinentreprenør AS som held til på Ekrene frå før.
Plass til mange
Konsernsjef i Stangeland Gruppen, Olav Stangeland, forklarar at dei har fleire jern i elden på Ekrene.
– Me har utvida hos Birkeland, og så har me kjøpt om lag 11 mål til selskapet BJ Kran & Transport AS. Og me har kjøpt eit industriområde som ligg bak næringsparken på om lang 100 mål, seier Stangeland.
For tida har dei ein søknad inne hjå Sveio kommune og det er sendt ut nabovarsel angåande industribygget dei ynskjer å byggja.
– Det skal byggast på verkstaden til Birkeland AS, og eit bygg for BJ Kran & Transport AS. Sistnemde er då eit utleigebygg kor BJ Kran skal ha delar av det sjølv, seier konsernsjefen.
Skal veksa
Bygget dei held på å søka for vert på to etasjar og på rundt 2.000 kvadratmeter total i storleik. Noko av det går til parkeringsplassar, mesteparten til ein lagerhall og verkstad, og litt av det til kontor og liknande.
Vidare fortel han at også eit anna selskap med namn Agder Rental skal vera med i utleigebygget.
– Dei driv med utleige av maskin og utstyr. Det er eit selskap som me også er deleigar i, seier Stangeland.
– Då kjem Ekrene næringspark til å veksa mykje framover?
– Ja, den gjer det. Det kjem til å verta god aktivitet. Ekrene er ein god plass med kort veg til Haugesund, og ein er samstundes kopla litt til Stord og den vegen, seier Stangeland, som legg til litt ros:
– Me er veldig nøgde med Ekrene, og ikkje minst Sveio kommune. Me tykkjer det verkar veldig godt her.
Pukkverk
Forutan nye bygg skal også det store området på 100 mål nyttast til å utvida næringsparken.
– Me skal ha eit pukkverk for å ta ut fjell, kor me også kan laga eit industriområde, seier Stangeland.
Han fortel at dei er klare til å gå i gang så snart dei får byggjeløyve. Stangeland reknar med at dei kan flytta inn i det nye bygget i løpet av 2024.