nyhende
Kjem ikkje til å støtta forslaget om flytting av legekontor
Ordførar Linn Therese Erve og varaordførar Ruth G. Østebøvik Eriksen har merka det store engasjementet rundt legekontoret. Både Arbeidarpartiet og Framstegspartiet vil gå inn for å behalda legekontoret – alle dei andre partia har uttrykt det same.
I sist Vestavind uttrykte ordføraren glede over at eit samla kommunestyre ønskjer å satsa på å utvikla Førdebygda som tettstad. Nesten på same tid blei det på Facebook kjent at rådmannen i ei sak foreslår å flytta Førde legekontor vekk frå bygda.
Underskriftskampanje
Reaksjonane lot ikkje venta på seg. Både legekontor og bygdelaget i bygda har fått henvendingar. Det blei også laga ei underskriftskampanje som gjekk på å behalda legekontoret i Førde, på få dagar nådde den 563 signaturar.
Alt dette skjedde før politikarane hadde tatt stilling til saka, som skal diskuterast og stemmast over i minst fire møte. Arbeidarpartiet og Framstegspartiet – og fleire med, seier seg einige med innbyggjarane.
Går ikkje for flytting
– Me satsar ikkje på bygdeutvikling, for å så å leggja ned legekontoret. Saka er at me politikarar har spurt rådmannen om korleis me kan driva kommunen vidare, men me treng ikkje lika alle svara han kjem med, forklarar varaordførar Eriksen.
– Me kjem ikkje til å gå for flytting, men me er positive til å sjå nærmare på samlokalisering av andre tenester, seier Erve, og får støtte av varaordføraren.
Heilskap
Både Erve og Eriksen har fulgt debatten på Facebook.
– Eg vil rosa engasjementet, folk seier tydeleg ifrå om kva dei ønskjer, seier Erve. Begge har registrert at diskusjonen også har gått på nord og sør.
– Me politikarar ser på kommunen som ein heilskap. Alle politiske oppgåver skal ta forsvarlege val for heile kommunen, og rådmannen si oppgåve er å sjå etter moglege synergieffektar, seier Erve.
For å behalda
Dei to partia ordføraren og varaordføraren representerer er to stemmer frå å ha fleirtal i lag, men det viser seg at andre parti sit med dei same tankane.
Vestavind har i dag hatt kontakt med representantar frå Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, med spørsmål om korleis dei stiller seg i saka. Alle er for å behalda legekontoret, slik saka ligg føre i dag.
Representantar frå MDG og Sv har også gitt uttrykk for at dei ønskjer å behalda legekontoret i Førde.