nyhende

– Kjekt at det skjer noko på vatnet

Rundt 30 personar og ni båtar kom til den offisielle opninga av badeplattformen til Vigdar grunneigarlag. Ordføraren, som vanlegvis klipper snorer, måtte skjera over eit tjukt tau.

Publisert Sist oppdatert

Regnet heldt seg unna, men det var ein del vind. Kajakk og kano var dermed ikkje det beste framkomstmiddelet på Vigdarvatnet søndag. Men dei som kom med båt fekk oppleva ein svært stabil plattform, sjølv om det både bles og var mange som gjekk rundt på dei 12×3 metrane.

– Kjempebra tiltak

Det var mange bilde fjes å sjå ute på Vigdarvatnet, og det er først og fremst for dei som ferdast på vatnet plattformen er laga.

– Dette eit kjempebra tiltak som me kjem til å bruka, seier Janne Dirdal Østerli.

– Det er veldig kjekt at det skjer noko på vatnet, seier Eivind Nærum.

Dirdal Østerli var kanskje den sprekaste deltakeren på opninga og rodde ut i ei lita pionerjolle i vinden. Resten av båtane gjekk for motor.

For dei som er på vatnet

Det er fleire som har lurt på kvifor badeplattformen ligg så langt ute. Leiar i grunneigarlaget, Hans Reidar Tveitskog, har svaret:

– Me ville laga til noko som fekk opp aktiviteten på vatnet, samstundes som me la til rette for færre strandhogg på holmar og eigedomar langs vatnet. Dette er ein plass å legga til og bruka for dei som kjem med båt, kano, kajakk og SUP-brett. Difor ligg også plattformen såpass langt ute. Dei som er på land har sine tilbod på Melkeneset.

To år frå idé til opning

Ideen om badeplattform med grill kom på årsmøtet i 2022. Tveitaskog sa i sin tale at det hadde tatt tid. Men når noko skal gjerast for første gong, er to år eigentleg ganske raskt.

Tveitaskog takka også sponsorar og samarbeidspartnerar: Alsaker Fjordbruk, Sveio kommune og Wee Marine, som både har prosjektert, bygd betongplattformen og laga ankring.

1,85 meter høgdeforskjell

Dugnadskarane som har bygd ferdig mellom anna gapahuk, benker og grill, Eirik Østerhaug og Svein Magne Eikemo, fekk sjølsagt også takk. Dei var veldig nøgde med korleis plattformen oppførte seg i vinden og med så mange folk på.

– Den er ankra med solide kjettingar som det må vera litt strekk i. Ankringa er dimensjonert for å takla opptil 1,85 meter forskjell på høgda i vatnet, forklarar dei to.

Powered by Labrador CMS