nyhende
Årets friluftslivskommune kåra:
– Kjekt å koma så høgt som 95. plass
Norsk Friluftsliv har for første gong vurdert alle landets 357 kommunar og kåra Årets friluftslivskommune. Sveio kom på 95. plass i denne kåringa med 52 av 100 moglege poeng.
Tjeldsund kommune i Nordland gjekk heilt til topps og blei kåra til Årets friluftslivskommune med 68 poeng. Hakk i hæl fylgde Hamarøy i same fylke med 67 poeng. Tysnes kom på tredje plass med 66 poeng og blei dermed best både i Sunnhordland og Vestland. Blant nabokommunane til Sveio kom elles Bømlo best ut med 15. plass og Stord med 76. plass. Haugesund landa på 156. plass, Tysvær på 218. plass og Vindafjord på 251. plass.
Nøgd med plassersinga
– Eg synest det er kjekt, og kanskje også litt overraskande, at me har kome så høgt opp på lista, seier rådgjevar samfunnsutvikling Marit Persen Liknes i Sveio kommune til Vestavind.
Liknes kjenner til undersøkinga, men har enno ikkje studert resultatet grundig nok til å peika på kor kommunen bør satsa for å koma endå høgare opp på lista.
– Generelt er utgangspunktet mitt at me alltid kan bli betre. Gjennom dei siste åra er det blitt satsa mykje på merking av turstiar, bygging av dagsturhytter og det store turstiprosjektet som no er i gang. Me har fem friluftsområde i kommunen, men nokre av desse er små, seier ho vidare.
Kåringa har samanheng med at 2025 er utpeikt til Friluftslivets år. Norsk Friluftsliv har sett på fire tema: Aktivitet, tilrettelegging, areal og planar og organisering. Innanfor desse temaene er 30 indikatorar vurderte. I ei pressemelding om kåringa blir det også vist til ei fersk Ipsos-undersøking som viser at eit fleirtal vurderer friluftsliv som det viktigaste fritidstilbodet i kommunane, framfor for eksempel idrett og kultur.
Sveio scorar høgast på temaet areal og deretter på planar. Aktivitet får lågaste poengsum i denne kommunen.
Bygt på statistikkar
I tillegg til ei spørjeundersøking til kommunane, som Sveio har svart på, er kåringa basert på tal frå SSB og andre kjelder for statistikk. Dette fortel Hans Erik Lerkelund i Norsk Friluftsliv, som har hatt hovudansvar for undersøkinga.
– Me har lagt vekt på å finna så ny informasjon som mogleg, men på nokre tilfelle er opplysningane fleire år gamle, forklarar Lerkelund.
Nokre indikatorar er omdiskuterte, innrømmer Lerkelund. Det gjeld for eksempel gåing og sykling i friluftsområde, der Sveio kjem dårleg ut. Data er her henta frå ein aktivitets-app, forklarar Lerkelund.
Liknes stiller spørsmål om all aktivitet i Sveio er registrert i dei kjeldene som er brukte. Som eksempel nemner ho at eit aktivt lag som Sveio Turlag ikkje er tilslutta ein sentral organisasjon og kanskje dermed ikkje er fanga opp i denne samanhengen.
Planlegg vardebrenning
Ein av indikatorane i undrsøkinga er ordføraren sitt engasjement innanfor friluftslivet. Her får Sveio berre 20 poeng. Ordførar André Mundal Haukås lovar bot og betring.
– Her må me gjera ein innsats, ja. På sitt siste møte diskuterte elles Sunnhordlandsrådet og Hardangerrådet korleis me i fellesskap kan markera Friluftslivets år. Me kom fram til at me vil vurdera vardebrenning ein gong til hausten. Datoen er ikkje fastsett, me då skal også eg ut i terrenget, lovar Haukås.
Han synest elles at Norsk Friluftsliv er litt tidleg ute med undersøkinga si, sidan det skjer mykje i kommunane no i Friluftslivets år. Dette burde vore med i grunnlaget for kåringa, seier sveioordføraren. Lerkelund i Norsk Friluftsliv seier dei vil fylgja opp med ei ny kåring om to år.