nyhende

Ordføraren si spalte for november:

Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve.
Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve.

– Kjære sveibu!

Publisert Sist oppdatert

2. november var årets varmaste dag, startskuddet for å ta i bruk Kirkens bymisjon sine oransjeplagg. Dei oransje plagga er eit symbol på at me vil ha eit varmare og meir inkluderande samfunn, også her i Sveio. I år er det ekstra viktig å vise solidaritet med dei som går ei vanskeleg tid i møte, då korona-pandemien gjer at fleire kjenner seg isolert og einsam. Takk til alle som har strikka for eit varmare samfunn, for at færre skal fryse og føle seg einsam. Eg kjem til å ha på meg oransjeplagg framover, for det som samlar oss er større enn det som skil oss. Ta i bruk oransjeplagga du og.

Kommunestyret har no vedteke å gå i gong med bygging av uteområdet på Sveio skule. Dette blir fantastisk, for våre elevar, men og for sentrum og heile kommunen. Eg trur dette kjem til å bli ein attraktiv møteplass, som og vil få besøkande frå regionen. Eg gler meg til det skal vere ferdig til skulestart 2021.

Både Rogaland og Vestland fylke har no handsama sak om prioritering av resterande midlar i Haugalandspakken. Det er no vedteke frå fylkeskommunen at deletappen deletappen Ekrene – Vikse ikkje skal byggast i denne omgang. I staden for skal ein starte med byggetrinnet Fagerheim-Førland. I tillegg er det satt av kr 15 millionar til trafikksikringstiltak på Rophus-krysset. Eg er skuffa over dette resultatet, då eg skulle sett at byggetrinnet Ekrene-Vikse blei prioritert no. Men, eg er glad for at noko av midlane blir brukt til vegen frå Ekrene til Fagerheim. Heile dette streket er viktig for Sveio. Eg er og glad for at det er satt av midlar til Rophus-krysset, slik at ungdomsskuleelevane der trygt kan krysse vegen til skulen. No må me jobbe vidare for å få realisert resten av vegen frå Førland til Ekrene.

Rådmannen har lagt fram sitt budsjettforslag. No startar arbeidet for fullt for oss politikarar. Mindre rammeoverføringar frå staten gjer at kommunane har stramare budsjett kvart år. Slik er det for Sveio sin del og, men me vil sørge for å vedta eit budsjett som er til det beste for kommunen og deg som innbyggar. Har du innspel må du ikkje nøle med å ta kontakt.

Eit samla kommunestyre har bede rådmannen starte søknadsprosess om midlar frå  Vestland fylke si ««tilskotsordning for by- og stadutvikling», med fokus på utvikling av Førde som tettstad. Førde-bygda, med sine flotte kvalitetar, har eit enormt potensiale til vidare utvikling. Me vil få Førde på tettstadkartet igjen. Difor blir det svært interessant å sjå på om den fylkeskommunale ordninga for tilskot til by- og stadutvikling kan vera aktuell for eit prosjekt som dette. Kommunestyret får saka opp til handsaming våren 2021.

Dagsturhytta som skal kome på veg opp til Emberlandsnipen har fått namnet Nipaståvo. Det er gjort mykje dugnad allereie for å klargjere tomta til hytta blir levert i midten av desember. Alle som vil er velkomne til å bli med på dugnad. Eg oppmodar deg til å følge Facebook-sida til Nipaståvo for å sjå kva som skjer der.

Korona-pandemien er ikkje over, og det pregar framleis kvardagen vår. Me forventar lokale utbrot, men igjen viste smittetilfelle på Sveio skule at me har utarbeida gode rutinar for slike tilfelle. Eg må også ved dette tilfelle gi ros til dei tilsette og smittesporingsteamet for framifrå arbeid.

Me ser ei auke i smitte no, også i vår region. Eg vil derfor minne på at me alle må følge smittevernreglar og oppmodingar. Hald avstand. Vask henda. Hald deg heime dersom du har symptom på Covid-19. Viktigast av alt – ta vare på kvarandre.

Eg har no hatt gleda av å vere ordførar i Sveio i eitt år. Dette året har vore svært lærerikt og gitt meg mange gode opplevingar. Eg har fått moglegheit til å møte deg som innbyggar ved ulike høve. For meg er møtepunkt med sambygdingar viktige. Eg ønsker å lytte til det som er viktig for deg. Det er slik eg kan jobbe vidare med å utvikle kommunen vår til det beste for innbyggarane.

Eg ser fram til dei neste tre åra, i eit givande og variert verv. Eg gler meg til fleire samtalar med sambygdingar i tida framover.

Linn Therese Erve
ordførar

Powered by Labrador CMS