nyhende

Kasta glans over teaterøving

Teatergruppa TeARTig har hektiske dagar med øvingar til den nye framsyninga «Å, for en elsker!» i Ørevik grendahus. Laurdag dukka ordføraren opp i øvingslokalet.

Publisert Sist oppdatert

– Både kveldar og helger går med til øvingar for oss og instruktør Marco Thomas no i innspurten, fortel Rune Hjelmeseter.

Han er både styremedlem i TeARTig og ein av dei elleve amatørskodespelarane som medverkar i stykket. Fredag 31. januar blir det premiere. Det er lagt opp til tre framsyningar i premierehelga. Dessutan har gruppa intensjon om å setja stykket opp igjen etter sommarferien.

Ordførar-besøk

Ordførar André Mundal Haukås (H) fekk sjå øvinga i nokre scenar under besøket sitt, i tillegg til lunsj og ein god prat med dei involverte. Han kunne fortelja at han sjølv hadde vore innom Haugesund barne- og ungdomsteater i barndommen, men takka høfleg nei då Marco tilbydde ei lita gjesterolle i komedien.

– Ordføraren syntes det var kjekt at teatergruppa nytta Ørevik grendahus til førestillinga og på den måten bidreg til aktivitet i heile kommunen, seier Hjelmeseter.

Situasjonskomikk

Førestillinga «Å, for en elsker!» er ein komedie full av forviklingar og situasjonskomikk. Nokre gonger treng ein å pynta litt på sanninga for å gjera seg litt meir interessant, særleg om ein skal ha hell i kjærleiken. Men når slike uskuldige løgner blir avslørte, kan det heile bli ein pinleg affære.

Marco Thomas, som grunnla TeARTig i 2017 og er både styreleiar og instruktør, jobbar til dagleg som teaterpedagog i kulturskulen i Bømlo. TeARTig er fritidsaktivitet for han som for resten av dei tolv medlemmene frå Sveio og Haugesund. Thomas bur i Valestrand. Det er noko av grunnen til at gruppa har lagt fleire av framsyningane sine til Ørevik grendahus. Til vanleg øver dei derimot i gymnastikksalen ved Førde skule.

Var med på festival

– Marco Thomas seier han er glad for å vera tilbake i Ørevik, der dei hadde sitt første teaterstykke, «Revisoren» i 2018, kommenterer Hjelmeseter.

Gruppa har sett opp fleire førestillingar tidlegare, i tillegg til mange improvisasjonsteater-førestillingar. I november deltok gruppa på Falturiltu – nynorsk litteraturfestival for barn og ungdom – med ei dramatisering av barneboka «Pølsetjuven» av Marianne Gretteberg Engedal. Denne blei også vist på biblioteket i Sveio i januar i år.

Powered by Labrador CMS