nyhende

Karnevalsmoro for vel 40 jenter

Publisert Sist oppdatert

Onsdag 24. februar inviterte Sveio drilltropp utøvarane sine til karneval i Vigdartun. Vel 40 jenter i alderen seks til nitten år, var samla. Det ble servert pizza, is og kaker. På programmet stod limbo og karnevalquiz, – dette var det instruktørane som stod for.

– Me hadde lyst å finna på noe kjekt i desse tider, og eit drillkarneval viste seg å vera midt i blinken, fortel dagleg leiar i Sveio drilltropp, Inger Emilie Panayiotou.

Sveio Drilltropp kan sjå tilbake på ein sesong som har gitt utøvarane kjensla av å starta på ny opp til fleire gonger. Planane som var lagt blei sett på vent.

NM og kanskje Vinterpokalen

– Dette året blir NM arrangert digitalt, det betyr at deltakarane sender inn sine bidrag. Frå Sveio deltek sju troppar, i tillegg til soloar og duettar. Datoen er sett til 15. mai, fortel Panayiotou. Ho håpar også det blir høve til å arrangera Vinterpokalen. Konkurransen er førebels utsett til april.

Powered by Labrador CMS