nyhende
Kåra til verdsmeister på sopranokornett
Kvart år kårar spelarar over heile verda årets beste soprano. I år gjekk Heidi Magnesdatter Åsbø frå Mølstrevåg av med sigeren.
Åsbø er kjent for mange sveibuar, og har mellom mykje anna komponert Sveiofanfaren. Enno meir kjent er ho i korpsmiljøet både nasjonalt og internasjonalt, og no kan ho altså kalla seg sopranoverdsmeister. Ein soprano er den vesle kornetten med dei lysaste tonane.
Det er Global Soprano Cornet Network, som har 1.507 sporanosolistar frå heile verda som medlemmer, som arrangerer kåringa. Kvart år har dei ei utfordring, og september er omdøypt til Soptember.
James Bond-tema
– Alle får ei strofe med notar som dei skal spela, og ein kan legga til video eller bakgrunnsmusikk osv.. Eller ein kan spela berre a capella, altså berre instrumentet aleine, seier Åsbø.
I år var temaet James Bond, og strofene blei lagt ut av Fendill Hill, komponist og sopranospelar frå New Zealand. Dei som kjenner Åsbø veit at ho ikke gjer noko halvvegs.
– Eg tenkte dette var litt i mi gate. Eg fann ein video frå 60-årsjubileet til James Bond og la den til mitt opptak. Deretter la eg inn eit svartkvitt bilde av meg sjølv som om eg var med i filmen med sopranokornett, seie Åsbø, som blei nummer tre i same kåringa i fjor.
Betre enn originalen
Så var det berre å venta i spenning medan avstemminga pågjekk ein månads tid. Åsbø sitt bidrag var ein av 23 innspelingar som var sendt inn. 21 av innsendarane var menn, og berre to kvinner. For kort tid sidan fekk ho melding om at ho hadde vunne.
– Veldig kjekt å kunna kalla seg soprano verdsmeister 2023. Eg slo til og med han som har spelt inn orginalen til James Bond-filmen. Han blei nummer to. Det er litt kjekt å ha på cv-en, seier ei veldig glad Åsbø.
Sjå videoen:
Køyrer til Bergen for å øva
Ho kviler ikke på laurbæra, og har den siste tida øva med Bergen Brass Band. Det betyr ein del turar til Bergen, men ho køyrer gjerne langt på øving for å vera med på noko ho synest er kjekt.
– Det er så gøy å få vera med denne gjengen med unge, «freshe» folk, så eg takka sjølvsagt ja. No er det innspurt før me skal delta i Siddis underholdningskonkurranse i Stavanger 4. november. Ein annan sveibu, Heidi Eilerås, er også med på baryton, seier Åsbø.
Bergen Brass Band deltar i 2. divisjon, og dommaren dei har fått tildelt er Åsbø sin spelelærar.
– Derfor har eg har tenkt å kle meg litt ut slik at han ikkje ser at det er meg med det same, ler Åsbø rett før ho skal køyra til ei ny øving.