nyhende
Kapellet rusta opp: — Prøver å halda mest mogleg på det originale preget
Kapellet på Framnes gravplass har i lang tid hatt sine defektar. No er både vindaugo og taket restaurerte.
— Eg har prøvd å halda på mest mogleg av det originale preget på vindaugo, seier Mariusz Buryj, som er snikkar og vaktmeister i kommunen.
Nokre av materiala på dei gamle vindaugo måtte hivast grunna ròte, medan andre delar kunne brukast om att. Ved hjelp av gamal, tradisjonell byggjeteknikk har Buryj bygd vidare på det materialet som framleis var brukeleg.
No er vindaugo nyrestaurerte og endeleg komne på plass i kapellet på Framnes gravplass.
I fjor skreiv Vestavind om den dårlege og dels risikable forfatninga kapellet stod i. Faren for å få takstein i hovudet var så pass stor at det vart sett opp sperreband kring delar av det vesle kapellet. Nokre stader mangla det takheller, og det var dessutan tydelege teikn til ròteskadar her og der.
No treng ein ikkje uroa seg for dette lenger: Parallelt med fornying av vindaugo har òg taket gjennomgått eit grundig restaureringsarbeid.