nyhende

Eit arkivbilete frå Sandvikvåg ferjekai.
Eit arkivbilete frå Sandvikvåg ferjekai.

Kan verta ferjestreik laurdag morgon

Vert det streik laurdag morgon vil det kunne råka sveibuar på veg sør eller nordover.

Publisert Sist oppdatert

Laurdag morgon kan det verta ferjestreik på fleire riksvegferjesamband. Viss det skjer vil streiken byrja klokka 06.00 om morgonen, og for sveibuar er det i hovudsak to samband som kan påverka helgeplanane.

  • Sandvikvåg – Halhjem
  • Mortavika – Arsvågen

I ei pressemelding skriv Statens Vegvesen at dei er førebudd på at streik kan koma.

– Me har hatt dialog med andre relevante aktørar for å minimera ulempene for trafikantane ved ein eventuell streik, seier Monica Kolberg hjå ferjeavdelinga i Statens vegvesen.

Powered by Labrador CMS