nyhende
Kan verta ein boom for Sveio
Mange var til stades for å høyra om havvind på kommunehuset. Der fekk sveibuar stilla spørsmål og koma med innspel. Karmsund Hamn trur Sveio kan ha aktuelle næringsareal.
Det kom så mange at det byrja å bli trongt. Sjølv om det var havvind som stod i fokus, vart det slik kommunen hadde håpa, kor idear til andre næringar også vart tekne opp.
Møtet byrja med nokre få ord frå representantar av kommunen, som ynskte velkomen.
Dei hadde lagt fram to store kart over Sveio, og baud dei med innspel om å skriva ned ideen og festa ein lapp på kartet.
Sveio godt plassert
Deretter var det tid for Karmsund Hamn, eit interkommunalt selskap kor Sveio er medeigar saman med Bømlo, Bokn, Haugesund, Karmøy og Tysvær.
— Me er interessert i å skapa varig næring. I fjor var berre Oslo hamn større enn oss, fortalte Tommy Sandtorv, marknadsleiar i selskapet.
Han forklara at dei opplever ein kraftig vekst. Mogelegheita som havvind gjev til området vil også kunna bety mykje for Sveio, grunna si heldige plassering.
— Sveio er midt i leio mellom Utsira og Dommersnes, sa Sandtorv.
Dommersnes er eit anlegg i Ålfjorden kor ein må passera heile Sveio langs sjøvegen for å koma seg til. Då kan det verta aktuelt med noko utbygging i Sveio.
— På vegen ut må dei runda heile Sveio. Det er noko ein bør ta med seg, sa Sandtorv.
To av tre treng plass
Han peika på at utbygging av havvind ikkje berre er sjølve turbinane, men alt anna som også trengs undervegs og etterpå.
— Det skal vera basar for vedlikehald, for sørvis. Me er nødt til å ha fleire område, og då må me sjå nordover også, sa Sandtorv.
Ein raud tråd for Karmsund Hamn er langsiktige arbeidsplassar. Sandtorv meiner at drift og vedlikehald difor er positivt å få til i området.
— Utbyggarar er opptekne av nær infrastruktur, god veg, nært by og nært hotell. Det har Sveio, sa han.
Han avslutta presentasjonen med å understreka plassmangelen som hav- og sjønæringa opplev. Og, sette det i eit tidsperspektiv.
— Det er tre utbyggarar til Utsira Nord-prosjektet, og me har berre plass til ein til. Så det er to utbyggarar som trenger plass til eigen base. Basane må vera klare i løpet av 2028, sa Sandtorv.
Sjølv om det er nokre år unna, går tida fort når det skal planleggast så store prosjekt.
Spanande møte
Fleire i publikum stilte spørsmål og kom med kommentarar. Representant i kommunestyret Ole Johan Sveen (Uavhengig) spurte kva type næring ein konkret kunne sjå for seg i Sveio.
— Lagerbygg, sørvisfasilitetar og liknande, svara Sandtorv.
Ein som fann møtet spanande var Kristian Økland. Til dagleg jobbar han som lærar ved maritim fagskule.
— Me kan sjå at det skapar arbeidsplassar, og me driv meir og meir med tema relatert til havvind i undervisninga vår, sa Økland.
Han trur det vil koma, men at spørsmålet er heller kvar det vil koma.
Diskusjonen og idémyldringa vart stoppa ein kort stund. Då ville Geir Magne Knutsen frå Bremnes Seashore seie nokre ord.
Ikkje berre havvind
— Me har tru på framtida. Me er positiv til nytt anlegg i nærleiken, og det trengs i gamle Hordaland. Slakteria som me sender fisken til ligg på Bømlo og i nærleiken, så då er Sveio godt posisjonert, sa Knutsen.
Møtet vart ein suksess meinte Bente Marie Johansen, einingsleiar for samfunnsutvikling i Sveio kommune. Ho byrja tidlegare i år i stillinga si, og ynskte deltaking frå innbyggarane i planlegginga framover.
— Sveio kommune har lagt føringar for at me skal ha næring til sjø, og då jobbar me mot det, sa Johansen.
Olav Magne Olsen var ein av dei som festa ein lapp på kartet.
— Det er eit forslag om småbåthamn. Det er trongt om strandlinja i Ålfjorden, og då er det betre at alt samlast ein plass. Gjerne i nærleiken av eit byggefelt, sa Olsen.
Boom for Sveio
Ein som håpar at Sveio gjer seg tilgjengeleg for havvind er Per Ove Økland frå Sveio Næringsforum.
— Me har ein unik mogelegheit til å danna næring i kommunen, både for bedrifter og bustader. Me kan vera brubyggar frå Bokn til Bjødn, sa Økland.
Han var samd med Karmsund Hamn at Sveio ligg godt til.
— Dei neste tiåra vil det vera 1.500 til 2.000 milliardar kroner i kontraktar i området. Sveio kan få tak i nokre av desse, og Sveio sine bedrifter kan koma godt ut av det, sa han.
— Trur du på ein økonomisk boom?
— Ja, det vert det for regionen, og noko av det for Sveio, svara han.