nyhende

Kan sopp ete opp rundballeplasten?

Rundballeplast er ei stor kjelde til forureining frå landbruket. No skal Synnøve Dvergsdal (30) frå Sunnfjord studere livet i plasten – i håp om å finne plastsvoltne mikroorganismar.

Publisert Sist oppdatert

Den mest brukte rundballeplasten i norsk landbruk er laga av polyetylen (PE) som er basert på olje. Også plantebasert bioplast blir laga av polyetylen.

– Begge plasttypane blir resirkulert på same måte, men det er uansett avgrensa kor mange gonger plasten kan attvinnast. Difor hastar det med å finne andre og berekraftige løysingar for framtida, seier Synnøve Dvergsdal.

Masterprosjekt

Plastavfall er ikkje berre eit isolert problem – men avfallet kan også vere berar av skadelege mikroorganismar og kjemikaliar. Samstundes finst det somme muggartar som er kjent for å kunne bidra til nedbrytinga. Det er dette Dvergsdal har sett seg føre å finne ut av i sitt nyoppstarta masterprosjekt ved Veterinærinstituttet.

Ho seier plasttypen med polyetylen er ekstra interessant nettopp fordi han er mykje brukt til innpakning. Sidan august har ho vore i gang med innsamling av rundballeplast.

– Det er gjort studiar i varme strok som viser at visse sopptypar kan bryte ned polyetylen. No er målet å finne ut kva soppen i Noreg gjer.

Treng hjelp

Om Dvergsdal finn at éin spesiell sopp bryt ned plasten raskare, kan det få mykje å seie for plasthandteringa i framtida. Men før det må ho ha nok plast å forske på – og til det treng ho også hjelp frå bønder over heile landet til å samle inn og sende henne plast.

– Eg er på jakt etter rundballeplast som har lege ute i naturen. Ute er det som regel vatn, og der det er vatn gror det ofte fram sopp, forklarar ho.

Dvergsdal si masteroppgåve inngår som ein del av det internasjonale og fireårige prosjektet Jekyll and Hyde, som både forskar på plastavfall som vektor for helseskadeleg muggsopp og bakteriar, og bruk av muggsopp til nedbryting av plastavfall. Samarbeidspartnarane er Norce, Nibio, Nofima, UC Berkeley, State Key Lab of Mycology (Chinese academy of sciences), NMBU, Bellona og Norges Bondelag.

Slik sender du inn plast

Dei som finn plast kan kontakte Dvergsdal direkte på e-post synnove.dvergsdal@vetinst.no for informasjon om korleis ein sender inn plasten. Ho ordnar også med porto for innsendinga.

Powered by Labrador CMS