nyhende

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

Kan merka klorsmak på vatnet

Publisert Sist oppdatert

Ei vassprøve tatt i høgdebassenget på Bua har vist noko høgt bakterieinnhald. Onsdag 15. september blei vatnet klora lokalt.

Innbyggjarar på strekninga frå Bua og sør til Straumavegen med kommunalt vatn frå Sveio vassverk, kan merka klorsmak på vatnet dei nærmaste dagane. Det er ikkje farleg, og vatnet kan nyttast som før – men det vil ikkje smaka like godt som vanleg, skriv Sveio kommune.

Nye prøvar vil bli tatt for å sikra at situasjonen har normalisert seg. Det blir presisert at det ikkje er snakk om e.coli-bakteriar, og at det ikkje er grunn til å koka vatnet.

Powered by Labrador CMS