nyhende
Kan ikkje strykast frå lista grunna valsikkerheit – har avtalt løysing
Den tidlegare gruppeleiaren i Ap som har trekt seg frå politikken kan ikkje fjernast frå lista. Årsaka er mellom anna å sikra demokratiet mot trugslar, seier professor. Kommunen har førebudd ei løysing.
Noreg si vallov er veldig streng, og i saka om den tidlegare gruppeleiaren som har trekt seg frå politikken, så gjer det likevel ikkje fritak for å verta fjerna frå lista.
– Her er nok forholda slik at dei som er på lista må stå på lista. Viss det er eit grunnlag for fritak i politikken, må dei søkja om det i etterkant, seier Yngve Flo, professor ved Universitetet i Bergen.
Skuldast vern av demokratiet
Vedkomande har trekt seg frå Arbeidarpartiet, som er samd i at vedkomande ikkje skal representera dei i kommunestyret. Men, likevel byr det på to utfordringar.
Den første er at når ein er førehandskumulert, så vil dei det gjeld automatisk veljast først inn. Det er ikkje mogeleg å kryssa av på kandidatar lengre ned på lista slik at dei kjem inn i staden.
Den andre er at når fristen for lista har gått ut, kan ikkje folk fjernast. Det kan høyrast strengt ut, men lova er skriven slik av ein god grunn, ifølgje Flo.
– Viss me hadde vore eit regime som er annleis enn Noreg, så kunne ein tenkja seg at det kom trugslar eller skuldingar mot ein politikar for å fjerna dei frå politikken. Så ein kan tenkja på det som ein sikkerheitsmekanisme mot slikt i Noreg, seier professoren.
Har løysing klar
Han peikar på at annakvart år står tusenvis av nordmenn ført opp på forskjellege lister til val. Då vil det alltid oppstå situasjonar i tida mellom fristen til lista går ut og sjølve valet. Likevel må lista bestå, uansett om kandidaten sjølv ynskjer å trekka seg.
– Dette er prisen me betalar for valsikkerheit i Noreg. Valet må gjennomførast ,og så må vedkomande undersøkja med kommunen om det er mogeleg å seia frå seg vervet, seier Flo.
Bjarte Stølås Storli er politisk sekretær i Sveio kommune, og bekreftar at dei har førebudd ei løysing på saka.
– Om vedkommande vert valt inn, så kjem me raskt til å handsama ein søknad om fritak, seier Storli.
Søknaden vil verta handsama når det nye kommunestyret møtes for første gong, det såkalla konstituerande møtet.
– Og då vil ein vara møte i staden for, seier Storli.