nyhende

Kjartan Moe Hustvedt er gruppeleiar for Miljøpartiet dei grøne. Foto: Privat
Kjartan Moe Hustvedt er gruppeleiar for Miljøpartiet dei grøne.

– Kan hende Fjord Motorpark blir ei heit lokalpolitisk sak

Kva blir den viktigaste saka for deg i 2025? Kven av dine politiske motstandarar likar du å debattera med? Det er to av spørsmåla gruppeleiarane i Sveio svarar på.

Publisert Sist oppdatert
– Kva lokalpolitisk sak blir den viktigaste for deg i 2025?
– Kva lokalpolitisk sak blir den viktigaste for deg i 2025?

Politikarane svarar

Namn: Kjartan Moe Hustvedt
Alder: 44
Bustad: Våga
Parti: Miljøpartiet dei grøne (MDG)

– Alle sakene som bidrar til å gjera Sveio ein god plass å leva for sveibuar i alle aldrar. Kan hende Fjord Motorpark blir ei heit lokalpolitisk sak. Eg ønsker å verna om naturen vår slik at også kommande generasjonar kan nyta noko av det flottaste Sveio har å by på; flott, frisk og norsk natur.

– Kva var den viktigaste saka for deg i 2024?

– Sakene som kjem opp i kommunestyret er alle viktige, men eg må få lov å trekka fram sakene rundt den planlagde nye traseen til E39. Blir det ein realitet vil det bli det største naturinngrepet i Sveio kommune på lang tid. Utan at det kjem den gjengse sveibu til gode. Eit stort tap om den kjem.

– Kven av dine politiske motstandarar likar du best å debattera med, og kvifor?

– Me skal jo spela på lag alle saman, sjølv om me har ulike meiningar om kva som er best for kommunen vår. Eg set pris på ein engasjert, sakleg og faktabasert debatt med rom for spørsmål, undring og meiningsendringar. Kommunestyremøtene er kanskje ikkje den beste arenaen for ein god debatt då utfallet av sakene som oftast er meir eller mindre avtalt på førehand.

– Kven av kommunestyrerepresentantane har du lyst til å framheva?

– Olav Østebø Olsen frå SV. Eg oppmodar alle om å gå inn på kommune-tv og sjå innlegga hans, då vil de skjøna kvifor. Sakleg og gjennomtenkt.

– Kven vinn stortingsvalet til hausten og kvifor?

– Eg skulle sjølvsagt ønska at mdg gjorde det bra, men trur Frp og Høgre kjem til å gjera det godt til hausten. Mest for at folk vil ha ei endring.

Powered by Labrador CMS