nyhende

Overproduksjon: Ein prognose for 2023 viser ein overproduksjon av egg på 2600 tonn. No tek Nortura totalmarknad grep for å hindra at det skal skje. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Overproduksjon: Ein prognose for 2023 viser ein overproduksjon av egg på 2600 tonn. No tek Nortura totalmarknad grep for å hindra at det skal skje.

Kan få 850.000 i tilskot for å slutte med egg

Publisert Sist oppdatert
NPK: Omsetningsrådet tilbyr bønder som driv med egg, store summar for å stoppa produksjonen. Om bonden oppfyller spesifikke kriterium, kan tilskotet bli på over 850.000 kroner.

Det blir produsert for mykje egg, og bønder opplever prispress. No prøver Omsetningsrådet å betra marknadsbalansen. I byte mot å stogga eggproduksjonen i minst eitt år, kan bønder få tilbod om 115 kroner per høne. Det skriv Nationen.

– Me meiner det er eit realt nivå å tilby dei som deltek. Bøndene må få kompensasjon for å dekka faste kostnader i tillegg til kompensasjonen for å avstå frå inntekter til produksjon. Me meiner det bør ligga på det nivået, seier direktør i Nortura totalmarknad Ole Nikolai Skulberg.

Det er marknadsregulering på egg, og denne betalar bøndene for i form av ei omsetningsavgift. Bønder med minst 1000 verpehøns kan delta, og ordninga skal bidra til at 1500 tonn egg blir tekne ut av marknaden.

Etter å ha sett produksjonen på pause eit år, må bonden starta opp att leveringa minst åtte månader i etterkant. Bøndene har heller ikkje høve til å bygga ut under opphaldsperioden.

– Dette er første gong me gjennomfører dette. Forslaget kom frå oss. Me meiner dette er eit godt mellombels tiltak i dagens situasjon for å betra marknadsbalansen for 2023, seier Skulberg.

Ein får midlar etter første mann til mølla-prinsippet.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS