nyhende

Det kan bli vanskeleg å få tak i vinterdekk på grunn av sanksjonane mot Russland. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK
Det kan bli vanskeleg å få tak i vinterdekk på grunn av sanksjonane mot Russland.

Kan bli vinterdekk-krise til vinteren

Publisert Sist oppdatert
NPK: Ein stor del av vinterdekka som blir selde i Noreg, blir produserte i Russland. No ropar dekkforhandlarane varsku.

– Vi har fått inn ein del av bestillingar på vinterdekk alt no. Det er ingen tvil om at det blir manko på dekk til hausten, seier Geir Yngve Lyrstad, dagleg leiar i DekkTeam Årnes, til Nettavisen.

Det er invasjonen av Ukraina som har ført til krisa. Nesten ein tredel av dekka som blir selde i Noreg er produserte i Russland. På grunn av sanksjonane mot landet, har Noreg slutta å produsere dekka sine der. Det gjeld dekk både med og utan piggar.

– Før kunne kunden velje og vrake mellom ulike dekktypar, men no er det førstemann til mølla for å sikre seg vinterdekk i det heile. Ein kan ikkje sitje på gjerdet. Då må kanskje bilen stå i garasjen over vinteren, seier Lyrstad til Nettavisen.

Paul Oord er toppsjef i Starco Norge, ein av dei største dekkleverandørane her i landet. Han er klart på at vi går ein usikker vinter i møte. Han er ikkje i tvil om at marknaden står overfor ein dekkmangel ein sjeldan har sett makan til.

– Russland har lenge vore ein stor produsent av vinterdekk for landa i nord. Årsaka er at Russland er ein enorm marknad, med stor etterspurnad og enorme ressursar. Men dei hadde ein importtoll som ikkje var overkommeleg for norske leverandørar. Då fann dei same leverandørane ut av dei kunne setje opp fabrikkar der borte, og dermed gjere det billegare å importere til Norden, seier Oord.

Han fortel at leverandørane no prøver å skaffe seg dekk frå asiatiske land i eit forsøk på å unngå dekkrise her i landet.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS