Dersom Vegdirektoratet gjer takstvedtak, vil grunntaksten for bompasseringar i Haugalandspakken bli dyrare av omsyn til inflasjon, noko Sveio kommunestyre blei orientert om i sist møte.
Kommunane som har bomstasjonar får framlegget til nye takstar til behandling. Det er snakk om 1 krone meir i kvar takstgruppe, frå 11 til 12 kroner per passering i takstgruppe 1, og frå 18 til 19 kroner i takstgruppe 2. Rabattar og takstsystem vil ellers bli som i dag.
Eit nytt takstvedtak vil bli kunngjort seinast fire veker før takstane blir endra, opplyser Ferde i ei melding. Sist prisjustering var i 2018.