nyhende
Kan bli krav om å registrere småbåtar
Regjeringa set i gang eit arbeid for å greie ut innretning og effektar av eit obligatorisk småbåtregister.
NPK: — Vi ser at fleire organisasjonar ønskjer eit obligatorisk småbåtregister. Det kan vere gode grunnar til å innføre det av omsyn til sjøtryggleik og kampen mot kriminalitet. Forlatne fritidsbåtar kan også vere eit miljøproblem. Samtidig må vi vurdere om det er formålstenleg å utvide den obligatoriske registreringsplikta, eller om eksisterande obligatoriske og frivillige register er nok, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran, i ei pressemelding.
Det finst om lag ein million fritidsbåtar i Noreg. Etter dagens regelverk skal båtar med største lengd 15 meter eller meir blir registrert i Sjøfartsdirektoratets skipsregister. Redningsselskapet har også eit frivillig småbåtregister.
— Det er på høg tid å ta tak i det store forureiningsproblemet gamle småbåtar utgjer. Eit obligatorisk småbåtregister vil gjere at båtar kan sporast tilbake til eigarane sine, og dermed bidra til å redusere omfanget av forlatne og dumpa småbåtar. Dette vil derfor vere eit godt tiltak for å redusere forsøpling og forureining, og er i tråd med forureinar betalar-prinsippet, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.
(©NPK)