Fleire bustadbyggjarar fryktar at fleire planlagte bustadbyggjeprosjekt må utsettjast eller leggjast på is i haust. Det er renteaukingar, skyhøge materialutgifter og fall i bustadprisane som er nokre av årsakene.FOTO: NPK
Kan bli full stopp i bustadbygging i haust
Kombinasjonen av renteaukar, dyre materialar og fall i bustadprisane gjer at mange utbyggjarar vurderer byggjestans og permitteringar i haust.
NPK-NTB: Bustadbyggjelaget Obos – som er den største bustadbyggjaren i landet – vurderer å leggje fleire prosjekt på is, skriv Dagens Næringsliv.
Det er både pandemien, Ukraina-krigen, sterk inflasjon, rentehevingar, fall i bustadprisane og det at pandemi og krig har gitt skyhøge prisar på byggjematerialar, som gjer at det byrjar å butte imot for fleire utbyggjarar.
– Kostnadskalkylane går rett og slett ikkje opp i ein del prosjekt, seier Daniel Siraj – konsernsjef i Obos. Han legg til at dei håpar å unngå permitteringar.
– Problemet er at ein ikkje lengre kan auke utsalsprisane, no som kundane også er ramma av svekt kjøpekraft, seier han.
Administrerande direktør Lars Jacob Hiim i interesseorganisasjonen Boligprodusentene seier at han allereie har høyrt om fleire prosjekt som blir lagde på is, noko som blir stadfesta av Carl Geving i Norges Eiendomsmeglerforbund, som beskriv eit markant fall i bustadinvesteringane.