nyhende
Kamp nummer 1.000 for Mr. Volleyball
Tysdag kveld leia mannen som aldri sjølv har spela volleyball sin kamp nummer 1.000 som trenar. Etter 30 år i volleyballsporten si teneste i Sveio, er Ole Johan Sveen definitivt kvalifisert til heiderstittelen Mr. Volleyball.
Volleyballen i Sveio starta med 4H på på Lid skule med Bjarne Våga som eldsjel. Sveen stakk innom ein kveld for å prata med eit par kompisar, fekk ein ball i fanget, og så var han i gang.
— Eg var fotballtrenar og friidrettstrenar i Sveio IL frå før, men har aldri spela volleyball. Då eg gjekk på Skeisvang fekk me klar beskjed av gymlæraren om at volleyball var ein damesport. Dei to-tre første åra var volleyballen under 4H før den vart ein del av Sveio IL, fortel Sveen.
Han har også hatt verv heile vegen, og mellom anna vore leiar for Sveio IL i sju år.
Tap fem år på rad
Når Vestavind slår på tråden, er han sjølvsagt i idrettshallen på Vigdartun. På trening med laget.
— Me hadde vel treningsfri torsdag sist veke, elles har me trent kvar dag fram mot kampen tysdag, seier Sveen, og gir beskjed om korleis laget skal varma opp.
Han er ikkje i hallen kvar dag, men oftare enn dei tre faste treningsdagane i veka. Vil nokon trena ekstra, finn Sveen fram nøkkelen til hallen og blir med.
Alt han har vore med på i løpet av 30 år, er ikkje nærleiken av å få plass i ein artikkel. Då må det skrivast ei bok. Men er det nokre minner som sit ekstra i?
— Når ein kamp er over, er eg ferdig med den og begynner å tenka på neste. Men kampane for å koma til NM for over 20 år sidan sit i. Hordaland og Sogn og Fjordane har alltid vore sterke volleyballfylke. På den tida var det berre eitt lag frå eit av dei to fylka som fekk delta i NM. Me møtte lag frå Sogn og Fjordane til kvalifiseringskamp fem år på rad, og tapte alle fem gongane, fortel Sveen.
Mange slutta under pandemien
I dag er det fleire lag som får delta, og litt enklare å kvalifisera seg. Ingen lag frå Sveio skal til NM i år.
— Det har pandemien mykje av skulda for. At ein og annan spelar fell frå er heilt vanleg, men me har aldri opplevd at så mange har slutta som under pandemien. Difor har det vore vanskeleg å få fulle lag, og på G17-laget har to av spelarane fått dispensasjon på grunn av alder, seier Sveen.
— Tar du fri frå volleyballen innimellom?
— Det hender, men eg tenker volleyball kvar dag. Volleyballen er blitt ein livsstil, og det er her mykje av det sosiale livet mitt er.
Familiesport
Han ler når Vestavind spør om det er pålagt å driva med volleyball om ein kjem frå familien Sveen.
— Ingen må, men det har vel kome naturleg sidan eg er så oppteken av det. Barnebarnet Håkon var med meg i hallen frå han var tre-fire år gamal. Han spelar i dag for Sunnfjord. For Ole Aleksander har det vore det same. Han er med på både G17 og seniorlaget til Sveio, som dotter Marthe er lagleiar for. Eit tredje barnebarn, Jarle, var med til han var 17 år.
Denne sesongen har Sveio eit herreseniorlag for første gong på rundt 25 år. Det er for å gje dei beste eit godt tilbod og mogelegheit til å utvikla seg på heimebane.
— Me har no eit veldig godt samarbeid med Haugesund, og det blir spanande å sjå kva det kan utvikla seg til, seier Sveen.
Klekkeri for lokale talent
Men det er ikkje berre gutar 15 og 17, som Sveen har trena i mange år, som hevdar seg.
— Volleyballjentene våre har gjort det bra, og to av dei spelar no for Førde i kvinnene sin eliteserien. Me har også ein som spelar i herrer elite for Torvastad, seier Sveen.
— Er Sveio IL eit klekkeri for lokale talent?
— Me har fått fram ein del spelarar som gjennom åra har hevda seg på nasjonalt og internasjonalt nivå. Ein av mine spelarar flytta til dømes til Sverige og spelte på toppnivå der. Han vart etter kvart proff i Italia, så du kan iallfall seia eit lite klekkeri. Stabile trenarar, god økonomi og alt av utstyr er viktige faktorar for å lukkast.
Apropos alt av utstyr. Volleyballen trente i mange år i den vesle hallen på Lid skule. Det tok 15 år før hallen dei spelar i kveld kom på plass.
Sprek og ung under topplokket
— Korleis blir kamp nummer 1.000?
— Som alle andre kampar. Eg tenkjer på den slik eg alltid gjer før kvar nye kamp, seier Mr. Volleyball.
Han kjem ikkje til å halda fram med volleyball i 30 år til, men har ikkje tenkt å gje seg enno.
— Eg fyller 69 år i år, men har vore heldig og har god helse. Engasjement og å vera i lag med ungdommen held deg også sprek og ung under topplokket, seier Sveen.
Jobben som lærar ved Sveio skule har han imidlertid pensjonert seg frå. Fleire gonger.
— Eg slutta då eg blei 67 år og var pensjonist eit halvt år. Deretter begynte eg igjen fordi dei hadde bruk for meg, og blei pensjonist igjen då eg var 68. I januar i år begynte eg igjen. Ein må jo hjelpa til når det er behov for det, men om nokre veker skal eg bli skikkeleg pensjonist. Trur eg, seier Sveen med eit smil.