nyhende
Kallar tilbake fiskekaker frå Fiskemannen – påvist listeria
Unil kallar tilbake eit parti med Fiskemannen fiskekaker 80 prosent etter at det er påvist Listeria monocytogenes i produktet.
– Det er gjort funn under grenseverdi, og desse låge verdiane utgjer normalt ingen helsefare, skriv Unil i ei pressemelding.
Likevel kan listeria vekse utover i haldbarheitsdato, og dermed er det risiko for at produktet kan utgjere helsefare når det nærmar seg utløpsdato.
Tilbakekallinga gjeld berre produkt med best før dato 16.09.25.
Forbrukarar blir bedne kaste produktet eller returnere det til butikken det er kjøpt i, for refusjon.
Annonse
Produktet er allereie fjerna frå butikkhyllene, opplyser Unil.