nyhende

Maria Gram Nordvik og Even Salbu Pettersen hentar seg kalendre som skal seljast til inntekt for klassetur. Madelen Halleraker sit ved bordet bak dei.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Maria Gram Nordvik og Even Salbu Pettersen hentar seg kalendre som skal seljast til inntekt for klassetur. Madelen Halleraker sit ved bordet bak dei.

Kalender blir til klassetur

Kalendrane for Sveio Mållag har kome og elevar i niande klasse skal tene pengar til neste års klassetur. — Verkeleg kjekt å sjå kor mange flotte bileta folk har sendt inn frå heile Sveio, seier Ole Jacob Ravn Ottesen, leiar i mållaget.

Publisert Sist oppdatert

Vinden bles og regnet klistrar seg på klede og andlet ein mørk torsdag morgon. Kontrasten med bileta i vogna som Ole Jacob Ravn Ottesen dyttar på kunne ikkje ha vore større.

— I år har det vore litt fleire stader med i kalenderen, som vanlegvis ikkje er det. Til dømes Sveio sentrum er betre representert, seier Ottesen.

Kalendrane har vorte laga med hjelp i frå niande-klassingar, og bilete sendt inn frå sveibuar.

— Det er kjekt fordi elevane har vore med å produsert kalendrane, dikta ein kan sjå har dei skreve. Då får dei litt eigarskap til kalendrane, seier han.

Ny kalender

Som leiar i Sveio Mållag og lærar på Sveio skule dreg han sjølvsikkert ein full-lasta handlevogn inn til klasse 9C, og byrjar forklare elevane kva som skal skje.

Iben Leirvik Torkelsen tek opp nokre kalendrar som skal seljast.

— Desse kan dykkar selje for å tene pengar til klasseturen i tiande. Eg kjem til å lese opp namn, og så svarar dykk om dykk ynskjer selje noko, og kor mange, seier Ottesen.

— Kor mange kan me ta i mot? spør ein elev.

— 10 om gangen, men om dykk får selt alt kan dykk spørje meg om fleire på måndag, svarar Ottesen.

— Kor mykje kostar dei? spør ein annan elev.

— Dei kostar 150 kroner, og dykk behald sjølv 40 kroner, svarar Ottesen.

— Kan me vippsa?

Undervegs spør elevane om korleis betaling skal gjennomførast. Kan ein vippse? Ja, får dei i svar. Då kjem Ottesen med eit marknadsføring-tips.

— Foreldra dykkar er gjerne så gamle at dei framleis brukar Facebook, så dykk kan jo be dei leggje ut bilete og høyre om nokon er interessert, seier han.

Sebastian Hamre Nilsen og Mortadah Arbab poserar med kalendrane sine.

Både tipset og spøken er ein fulltreffar og ungdomane ler.

Så går turen over til andre sida av gangen, inn til 9D. Der er mellom anna kasserar i Sveio Mållag og lærar Elin Brit Østvik Sæ.

Her kjem eit interessant spørsmål flygande frå salen.

— Kva er rekorden for sal? Spør ein elev.

— Det er om lag 50, men det er ganske uvanleg, svarar Ottesen.

Mogelegheit for læring

På veg ut av klasserommet fortel Ottesen om korleis han enda opp i mållaget.

— Eg byrja på skulen i 2012 og vart med i styret neste år, seier han.

— Så du feirar snart 10 år?

— Ja, eg gjer vel det.

Elin Brit Østvik Sæ og Ole Jacob Ravn Ottesen er både lærarar og aktiv i Sveio Mållag.

Han synast samarbeidet mellom Sveio Mållag og elevane funkar fint.

— Det er noko som gagnar både elevane og mållaget. Det er kjekt å sjå kor villige dei er, og at dei får mogelegheita til å tene eigne pengar. Dei får lære verdien av det, og at dei får nokre pengar i neven sjølv, seier Ottesen.

Kor mange elevane sel i år står att å sjå. Det skal godt gjerast å slå fjoråret.

— Då solgte dei ekstremt mykje, så me har auka opplaget til 900 eksemplar i år, seier Ottesen.

Powered by Labrador CMS