nyhende
Kaffiavlingane sviktar, men morgonkaffien vår er framleis trygg
Kaffiplantasjar verda over har dårlegare avlingar grunna klimaendringane – samstundes går etterspurnaden etter kaffi opp. Noreg er derimot i ein gunstig posisjon når det gjeld å sikre seg nok kaffi i åra framover.
– Om alle land hadde handla kaffi slik som i Noreg er det ikkje sikkert vi hadde hatt ei global kaffikrise no, sa kaffianalytikar Maja Wallengren under eit seminar i regi av Norsk Kaffeinformasjon. Ho har besøkt kaffiplantasjar i mange land og skrive om kaffi i over 30 år.
Global svikt
Det var ikkje lystig informasjon Wallengren delte med dei frammøtte på seminaret. Dei største kaffiproduserande landa i verda opplever avlingssvikt – dei leverer såleis langt mindre kaffi til den globale marknaden enn dei har gjort før. Brasil, som er det største kaffiproduserande landet, leverer 38 prosent av all kaffien i verda – dei er no inne i sitt femte år med sviktande avlingar.
– Fleire kaffiprodusentar i Brasil har vore ramma av kombinasjonar av tørke og frost som har redusert enorme avlingar. Områda som blir øydelagde blir i liten grad brukt til ny kaffiproduksjon – i staden blir det satsa på å dyrke andre ting på dei områda, fortalde Wallengren.
Også den nest største kaffiprodusenten i verda – Vietnam – har opplevd svikt i avlingane sine. Kombinasjonen av at desse to kaffigigantane leverer mindre enn ein ønskjer gjer at den globale etterspurnaden blir for stor.
– Dei fleste land som kjøper kaffi har lenge betalt altfor lite. Dette gjer produksjonslanda og produksjonsgardane svært sårbare. Noko som igjen fører til at fleire vel å satse på andre ting når det går dårleg med kaffiproduksjonen deira, fortalde Wallengren.
Noreg er godt skodd
Til skilnad frå fleire andre land har norske kaffihus lenge betalt ein høgare pris for å få kvalitetskaffi. Det har ført til Noreg stiller sterkt når den globale kampen om kaffien tettar seg til.
– Noreg er nesten det einaste landet der ein kan snakke om at kvalitet og pris heng saman. Vi betaler meir enn andre – og dei som betalar vil framleis få kaffien sin, sa Wallengren.