nyhende

Frukt og grønt er blant varene kor vekta spelar ei rolle. Opplever ein feil på vekta, oppfordrar Justervesenet kundane til å seie frå.
Frukt og grønt er blant varene kor vekta spelar ei rolle. Opplever ein feil på vekta, oppfordrar Justervesenet kundane til å seie frå.

Justervesenet ber kundar seie frå om vektfeil i matbutikken

Prisen du betaler for enkelte matvarer, er heilt avhengig av kva talet på vekta viser. Justervesenet ber kundar seie frå dersom dei mistenkjer feil på vekta.

Publisert Sist oppdatert

I ei VG-sak vart ein Joker-butikk i Bærum avslørt med ei vekt som ikkje var i orden.

Ein kunde reagerte på at to lime vart slått inn til 288 gram i kassa, men då han kom heim og vog dei, var dei berre 139 gram.

Over 21.000 vekter

– Vi skjerpar rutinane våre og vil ta fleire stikkprøver framover. Kundar som oppdagar feil på vektene våre, blir oppmoda til å ta direkte kontakt med butikken, så butikken kan kontrollere vekta, seier kommunikasjonsrådgivar Anna Kappler i Kjøpmannshuset Norge til avisa.

Ho seier at alle vektene dei har i butikkane sine, må godkjennast av Justervesenet og at dei betaler for ein årleg vektkontroll.

Justervesenet skriv på sidene sine at det finst over 21.000 vekter i daglegvarehandelen som er underlagt tilsyn. Dei opplyser at dei kontrollerer og utfører tilsyn, men seier det ikkje er deira ansvar å kontrollere at vektene er riktig kalibrerte til kvar tid.

Butikkane sitt ansvar

– Det er butikkane sitt eige ansvar å sjå til at vektene veg rett. Dette kan dei følgje opp med eit eige system der dei regelmessig kontrollerer vektene sine, skriv Justervesenet på nettsidene sine.

Dei oppmodar kundar som opplever feil til å ta kontakt med butikken direkte eller sende inn eit tips til Justervesenet.

Powered by Labrador CMS