nyhende

Juletreet knakk og deisa i bakken

Julegrana på Sveiotorget knakk tvert av i den sterke vinden natt til tysdag.

Publisert Sist oppdatert

Vindkasta blei for mykje for grana som måtte gi etter for naturkreftene. Treet knakk rett av.

Nå er treet tilbake på plassen sin, ein meter kortare. Mariusz Buryj i Sveio kommune ordna opp med motorsaga, deretter fekk han traktorhjelp for å heisa treet tilbake i rett posisjon.

– Det var ein skikkeleg vinterstorm me fekk den natta, og dette var ikkje det einaste treet som velta i området her, fortel Buryj. Sjølv bur han på Tørresplasset i Buavåg, der blæs det kraftig rundt midnattstider den aktuelle natta, fortel han.

Powered by Labrador CMS