nyhende
Julestemning i skikkeleg vestlandsvêr
Sveio skulekorps inviterte til utandørs julemarknad med varm gløgg, julemusikk og spennande boder og juleverkstad for dei yngste i Sveio sentrum laurdag.
I skikkeleg vestlandsvêr opna Sjur Folgerø frå skulekorpset julegranmarknaden, og oppfordra til handel på marknaden, samt inviterte alle små til å vere med og laga julepynt. Skulekorpset spelte fleire songar.
– Me har ikkje øvd så mykje på akkurat julesongane fordi det er dei same songane kvart år, så dei ligg i oss, fortel Folgerø.
Populær juleverkstad
På dei ulike marknadsbodene var det mogleg å handla lokalproduserte varer og mat. Nysteikte vårrullar, cupcakes, lynghonning frå Sveio, trevarer og brakekransar var noko av det som freista fleire.
Egil Lokna og Mathias Vikse frå Sveio Lions hadde fylt bilen med julenek. Desse var populære og vil truleg mette mange av Sveio-fuglane i julemånaden.
Juleverkstaden var svært ettertrakta blant dei yngste, der dei kunne laga julepynt til juletreet, med hjelp frå korpsmedlemmene. Blant desse var Joar (8) og veslebror Sander (6) Øygarden, som hadde tatt turen frå Lid. Joar fortalde at han mest av alt gledde seg til å opna julegåvene i jula, noko som veslebror Sander var heilt einig i.
Tenning av julegrana
Etter at korpset hadde spelt «Deilig er jorden», ønskte ordførar André Mundal Haukås velkommen til kveldens høgdepunkt – tenning av julegrana. Han oppfordra alle til å gjera mørketida me går inn i litt lysare for kvarandre ved å til dømes invitera på ein kopp kaffi og besøka nokon ein veit er åleine. I fellesskap blei det telt ned, og på null lyste heile plassen opp.
Og sjølv med manglande vintersnø og stjerneklar himmel, hadde nissen funne fram til Sveio med sekken full av mandarinar. Det var lett å sjå at nissen var ein stor favoritt, der både store og små samla seg rundt han.