Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Julemesse med meining
Sidan september har Einstadbøvoll helselag sine engasjerte medlemmer stått på med kjevle og handarbeid. Lefser er blitt kjevla, kaker baka, kransar bunde og garn trylla om til varme og vakre plagg – alt til inntekt for helselaget sitt arbeid.
Gunnbjørg Tapaninen i helselaget fortel at dei siste månadene er det produsert imponerande mengder: rundt 800 lefser, 400 nordlandskaker og 10 kransekaker. I tillegg er det laga om lag 150 gravkransar, alt produsert av lokal grønt og pynt, for sal på julemessa.
I tillegg til helselaget sin eigen produksjon, stilte ei rekkje utstillarar frå både lokalmiljøet og nabokommunane. Utvalet var breitt; frå garnkuler med lys, heimestrikk, akvarellkunst, kjeks og kaker til 3D-printa artiklar.
Juleverkstad for dei minste
Ein av utstillarane med aller kortast reiseveg til messa på Valestrand oppvekstsenter var Anna Elisabeth Helvik frå Valevåg. Ho hadde med seg eit stort utval handlaga gåver dekorert med scrapbooking. Her var alt frå pynta serviettesker og innpaka søtsaker til julekort og små gåveesker.
– Eg stiller ut saman med mamma. Det er veldig kjekt å lage ting saman, fortel Anna Elisabeth.
Det var ikkje berre dei vaksne som fekk boltre seg på julemessa. Victorija Beshyr hadde rigga til eit kreativt juleverkstad for dei minste, med klipp, lim, glitter, papir og små hobbyprosjekt. – Det er fjerde året eg er med og organiserer verkstad for borna fortel ho, medan ho finn fram saks og papir til borna.
Drøs, kaffi og god julestemning
Midt inne i grendastova, omkransa av utstillarar, loddsal var det dekka for pause og prat. Her sat mellom anna Jorunn Sekse, Ellen Karin Halstensen og Karin Furubotn som var samstemde i at julemessa var eit høgdepunkt.
– Me har fått med oss både lefser, nordlandskaker, kransar og lodd, fortalde dei.
Eit rikt gevinstbord og helselaget sitt arbeid gjorde nemleg sitt til at mange loddbøker blei fylte.
– Mange av gevinstane har me fått frå lokale aktørar, noko kjem frå utstillarane som har gitt gåver og ein del har me kjøpt inn, forklarar Tove Kallevik, som selde lodd saman med Ruth Eidsvåg.
Ruth har vore med i arbeidet med julemessa sidan byrjinga, heilt tilbake i 1986. Sidan då har julemessa vore ein årleg tradisjon.
Arbeid for store hjartesaker
Motivasjonen bak den store dugnadsinnsatsen er tydeleg knytt til helselaget sine hjartesaker.
– Ein del av inntektene går til arbeid og forsking på demens. Det er ei av dei viktigaste sakene til Nasjonalforeininga for folkehelsen, som me er ei undergruppe av, fortel leiar Inger Bente Nilsen.
Nasjonalforeningen for folkehelsen blei etablert i 1910 og har i dag fleire hundre lokale helselag over heile landet. Mange av desse arrangerer årlege julemesser som ein del av det faste frivillighetsarbeidet.
Einstadbøvoll Helselag har rett over 100 medlemmar, og mange av dei har gjort ein kjempe innsats både i forkant og under sjølve julemessa, fortel Inger Bente. Forutan støtte til demensarbeid sponsar helselaget skulefrukt til borna på skulen og er arrangør bak andre lokale aktivitetar, mellom anna den årlege helsemarsjen.