nyhende
Julelysa er ekstra viktige for ekteparet frå Tyskland i år
Dei to siste åra har ekteparet Petra og Andreas Wendt i Førde fått besøk av ungane frå Tyskland til jul, men situasjonen gjer det ikkje mogleg i år. Juledekorasjonar både ute og inne bidrar til god stemning.
Det er ein kald og roleg kveld i Førde sentrum. Frå eit hus i Tingvegen blinkar det forsiktig frå julelys, men det er ikkje før ein kjem på baksida ein ser kor forseggjort det er. Det er for det meste mannen i huset, Andreas Wendt som står for pyntinga utandørs.
– Eg kjøper litt kvart år. Denne her er frå Tyskland, smiler han, og viser oss ein snømann i reell storleik, plassert på plenen.
Mykje smitte i Tyskland
Lysdekorasjonane har blitt eit triveleg innslag i bygda. I fjor blei lysa tent nokre minutt etter at julegrana var tent.
– Me likar jula, men det blir kjempeeinsamt i år. Normalt ville me feira med våre to barn og venner, men på grunn av korona blir det umogleg, seier Petra. Dersom dei skulle fått besøk frå Tyskland, måtte gjestene vore ti dagar i karantene i Noreg først, for så å vera 14 dagar i karantene ved heimkomst.
– Det er mykje smitte i Tyskland, fortel ekteparet, som også har foreldre i heimlandet.
Ferierte i Noreg
Det er 12 år sidan paret la Tyskland bak seg, og starta eit nytt liv på Rennesøy. Dei siste åtte åra har dei budd her i Førde.
– Det er koseleg her, me fekk ein heilt annan velkomst enn på Rennesøy. Folk i Førde er veldig snille. Det gjekk ein dag eller to, så kom det naboar og helste på, fortel Andreas.
Før dei tok det store steget med å flytta frå dei vaksne ungane og resten av familien, hadde dei vore mykje på ferie i Noreg, då helst lengre nord.
Lys på båten
– Andreas likar å fiska, fortel Petra.
– Kom her og sjå, seier Andreas, og peikar på båten, som står på tunet, innpakka i presenning – med julelys på.
– Den måtte pyntast den også, ler han.
Jula blir ikkje som planlagt, men dei to skal kosa seg likevel, med både tysk og norsk julemat på menyen.