nyhende
Julegåveaksjonen er i gong
I går sette Kirkens Bymisjon opp eit meiningsfullt juletre, fylt opp med hundrevis av julegåveønskje frå barn og familiar på Haugalandet. Treet er også representert med ønskje frå vår kommune.
Sveio frivilligsentral blir driven av Kirkens Bymisjon, og er derfor involvert i juleaksjonen «en helt vanlig jul» som er støtta av Gjensidigestiftelsen. I år er dei to kollegaene, Kristianne Uri og Guro Røher Eriksen i Sveio med for fullt for å hjelpa barn under 18 år og familiane deira rundt om på Haugalandet.
Konkrete ønskje
Det spesielle juletreet står på Oasen Storsenter, og er er pynta med raude hjarter, der det står skrive kjønn, alder og eit konkret ønskje. Det kan til dømes vera snop, sokkar, leiketøy, sminke eller sportsutstyr, i ulike prisklassar. Dei som vil hjelpa veljer seg ein lapp og kjøper det som er oppgitt. Gåva og ønskelappen kan leverast i senterinformasjonen.
– Me kan også ta i mot, etter nærmare avtale, seier Uri.
Etter kvart som ønskje blir oppfylt, vil det bli hengt opp nye lappar, slik at det i perioden frå 23. november til 18. desember vil vera mogleg å bidra til at familiar skal ha ei like fin oppleving av julekvelden som «alle» andre. Og dersom det skulle vera lappar igjen, vil det bli sørga for at ønskjene blir innfridd.
Mogleg å søkja
– I fjor var det 123 barn i Sveio som fekk gåver. Eg håpar at dei som ikkje har fått før vil søkja, for det er hjelp å få, seier dagleg leiar i Sveio frivilligsentral, Kristianne Uri. Søknadsskjema og informasjon er på Sveio kommune sin nettstad.
Det er ikkje tvil om at det er eit behov i år, også i Sveio.
– Me har fått nokre søknadar, fristen går ut november. Det er også mogleg å ønskja seg mat og juletre, opplyser Uri, som mellom anna skal vera på senteret for å pakka inn gåvene. Grunna koronasituasjonen, er det tilsette i bymisjonen som tar seg av dette i år.