nyhende
Juledessertval følgjer tradisjon, dermed basta
80 prosent av dei som et ris- eller moltekrem julaftan, seier det først og fremst kjem av tradisjon. Ein av tre kunne tenkt seg noko anna, men få tek debatten.
Befolkninga verkar temmeleg samstemd når det gjeld desserten på julaftan, skal vi tru ei undersøking gjort av Respons Analyse på vegner av Diplom-Is: Dei aller fleste følgjer ein tradisjon. Berre 9 prosent seier at det nokon gong har oppstått diskusjon i familien om kva som skal serverast.
Men bak overveldande tal i riskrem og moltekrem sin favør kjem det fram at ganske mange kunne ønskje seg noko anna – og får det.
- Ein av tre som et riskrem eller moltekrem i dag, kunne tenkt seg noko anna. Andelen er høgast blant vaksne under 30 år.
- Nesten halvparten seier at dei har fått servert fleire dessertar julaftan, slik at alle blir fornøgde. Dette er vanlegast i barnefamiliar og blant unge vaksne.
Ein ny dessertgenerasjon på veg
Same kva ein et, er tradisjon den klart sterkaste drivaren bak dessertval på julaftan. Å gjere som ein pleier, gir julestemning og oppfyller forventningar hos svært mange, også hos dei som synest andre godsaker smaker betre.
Den såkalla dessertgenerasjonen og foreldra deira sine tradisjonar veg tyngst, og dei er også mest fornøgde med vala som blir gjort.
Ein dag er det likevel dagens unge vaksne som er eldst, og då kan kanskje biletet endre seg. 26 prosent av dei som lèt foreldre eller svigerforeldre bestemme desserten i dag, seier dei personleg kunne ønskt seg noko anna.
– Yngre generasjonar har eit breiare dessertrepertoar og er meir opne for alternativ, samtidig som riskrem og moltekrem står støtt fordi tradisjonane rundt julaftan er så sterkt kjenslemessig forankra. Derfor ser vi både endring og kontinuitet samtidig, seier matforskar Annechen Bahr Bugge ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO i ei pressemelding frå Diplom-Is.
Kva er alternativet?
Blant dei som kunne tenkje seg ein annan dessert enn riskrem eller moltekrem, ville 41 prosent heller hatt sjokoladebasert dessert som mousse eller fondant. Iskrem ligg på andreplass, med 35 prosent, medan kaker og ulike puddingar eller gelear ligg rundt 20 prosent.
Yngre vel oftare iskrem, og barnefamiliar tilpassar naturleg nok dessertvalet i større grad og etter ønska til barna. Det merkar iskremprodusentane. Desember er årets nest største salsmånad for boksis, berre slått av juli.
– At is er populært i jula, er ikkje nytt for oss. Desember har alltid vore ein av våre travlaste månader, og på 1980-talet henta folk iskaker rett frå bilen fordi butikkane mangla frysarar, seier Stine Allstad Quille, merkevaresjef i Diplom-Is.
Ein ny vri
Administrerande direktør Paal Hennig-Olsen i selskapet med same namn stadfestar at issalet toppar seg no.
– Historisk er det dessertis det går mest av, som i 2025 har hatt ein ellevill vekst på 56 prosent samanlikna med same tid i fjor, seier han i ein e-post til NTB.
Og kanskje er folk ute etter ein ny vri som kombinerer yngre og preferansane til eldre?
– Ein av dei nye dessertissmakane er molte, og denne har selt ekstra godt dei siste vekene, seier Hennig-Olsen, som seier at familien hans skal ha is på julaftan.