nyhende
Julebrus i blinde: Patrick og Jaffar på smakstest
Patrick Grutle og Jaffar Alzobaidi har tidlegare i desember vore praksiselevar i Vestavind. Blant oppgåvene dei fekk var å blindtesta sju ulike julebrus og finna ut kva for ein som var best. Etter mange slurkar og litt ulike reaksjonar, enda dei opp med ei klar rangering av kandidatane.
Hansa – lett
Patrick: – Det var greit med kullsyre, men brusen hadde veldig lite smak og minna mest om jordbærsaft. Eg gir han terningkast 3.
Jaffar: – Det var lite smak, og brusen var litt kvalmande i starten, men han blei eigentleg ganske god etter kvart. Dette er ikkje den beste brusen, så eg seier terningkast 4.
Hamar og Lillehammer
Patrick: – Brusen lukta himla godt, men smaken var veldig skuffande, må eg seie. Eg gir han terningkast 3.
Jaffar: – Brusen hadde god lukt, men han smakte som iste som var blanda ut med vatn, og det var ikkje noko godt. Eg synest han òg smakte litt handsprit, så eg gir han terningkast 2.
Coop – rød
Patrick: – Brusen lukta og smakte bringebærsaft, og han var ikkje spesielt god som julebrus. Det var null kullsyre, så han får terningkast 1.
Jaffar: – Det var ikkje kullsyre i det heile, og både lukt og farge var sterke. Likevel smakte brusen mest som bringebærsaft blanda med vatn, dette er ikkje julebrus. Eg gir han terningkast 1.
Lerum – sukkerfri
Patrick: – Lukta var utruleg god, men då eg først smakte, var den veldig sur i smaken. Det blir terningkast 2.
Jaffar: – Brusen hadde fin farge og god lukt, og den første slurken var ein god type surt. Etterpå smakte han ein dårleg type surt, men han var ikkje heilt galen, og han blei betre etter kvart. Eg gir han terningkast 4.
Hansa
Patrick: – Brusen var utruleg god på smak, men det var null lukt på han. Han kan absolutt anbefalast på grunn av smaken, så eg gir han terningkast 5.
Jaffar: – Brusen hadde fin farge og nesten inga lukt, men han var veldig god på smak. Eg gir han terningkast 5.
Julebrus fra Norgesgruppen – sukkerfri
Patrick: – Sjølve brusen var god, men kullsyra var ikkje der. Veldig skuffande, eg endar på terningkast 3.
Jaffar: – Brusen var veldig god, men han hadde lite kullsyre. Han hadde ein fin, mørk raudfarge og ei svak lukt, og totalt sett synest eg han var god. Eg gir han terningkast 4.
Coop – brun
Patrick: – Brusen var god og smakte deilig, vil eg sei, men han smakte ikkje jul. Derfor gir eg han terningkast 3.
Jaffar: – Brusen ser ikkje særleg innbydande ut og luktar litt rart, men han smakar ikkje direkte gale. Han er likevel ikkje den beste, så eg gir han terningkast 3.
Rangering
- 1. plass – Hansa julebrus med sukker
Terningkast: 5 + 5 = snitt 5 - 2. plass (delt) – Hansa julebrus utan sukker
Terningkast: 3 + 4 = snitt 3,5 - 2. plass (delt) – Julebrus frå NorgesGruppen utan sukker
Terningkast: 3 + 4 = snitt 3,5 - 3. plass (delt) – Lerum julebrus utan sukker
Terningkast: 2 + 4 = snitt 3 - 3. plass (delt) – Coop si brune julebrus
Terningkast: 3 + 3 = snitt 3 - 4. plass – Hamar og Lillehammer julebrus
Terningkast: 3 + 2 = snitt 2,5 - 5. plass – Coop si raude julebrus
Terningkast: 1 + 1 = snitt 1